7/31/14

Central Park



Central Park er eit must når du er i New York.
Denne grøne lunga midt i storbyen er så behageleg
og vakker og gir ei heilt spesiell ro. Vi brukte eigentleg
berre ein føremiddag her, i tillegg til at vi jogga
i parken nokre morgonar, men vi skulle sjølvsagt hatt
ein piknik og to der. I tillegg er det utekino og konsertar
der om sommaren, som du finn meir info om ved å
googla litt. Vi kom til parken ved Columbus Circle,
for dette hjørnet var nærmast hotellet vårt. Vi var mest
i nedre del av parken. Der er det eit leikeområde, eit
tivoli, ei slags gågate omgitt av tre og benker på kvar side,
med salsbuer og gateartistar.












Ved The Lake kan ein leiga robåtar, og der ligg også
den romantiske restauranten The Loeb Boathouse
der vi åt lunsj ein dag. Vi bestilte bord på førehand
via Open Table, og der hadde dei veldig god mat!
Stemninga var veldig bra, og ein får utsikt mot vatnet.
Her må det vera fantastisk 
å ha eit bryllup eller liknande.







Ta deg ein tur i parken, det kjem du ikkje til å angra på!
(PS: Mange kjendisar bur også i nærleiken av parken,
så her har du sjans til å sjå dei i sitt "rette element" ;)

No comments:

Post a Comment