10/11/15

Plommeterte

Eg er så heldig å ha plommetre
i hagen min. Plommer er nydelege
i seg sjølv, men også herlege
som syltetøy og i kaker og dessertar.
Har du ikkje plommer kan du gå på
slang, eller kjøpa dei i butikken.
Her kjem ei oppskrift på ei deilig
plommeterte som er enkel å laga:

Mjukt smør til pensling
Brunt sukker
10-12 plommer, avhengig
av kor stor form du bruker
100 g smelta smør
2 1/2 dl sukker
2 1/2 dl mjøl
1 ts bakepulver
1/2 ts salt
1 egg

Skyll og del plommene i to, og fjern steinen.
Du treng nok halve plommer til å
fylla botnen i ei eldfast form.
Pensla den eldfaste forma med mjukt smør,
og dryss eit lag med brunt sukker i botnen.
Legg dei halve plommene ned i forma
slik at dei dekker botnen.





Bland dei tørre ingrediensane
i det smelta smøret. Rør saman egget
og ha det i røra. Smør/trykk røra over
plommene, slik at dei er nokolunde
dekte av røra.



Steik terta i 40 minutt
på 170 grader. Server gjerne med
fløyte eller vaniljesaus! Nam.