11/11/17

Tips til pakkekalender

(Illustrasjonsbilde lånt herfrå.)

Kvart einaste år skulle eg ønskja eg var tidlegare ute med desse pakke-kalenderane. Men neida, så god på planlegging er eg jo ikkje. Derfor skal eg no skriva inn alle tipsa eg har funne på nettet og kome på sjølv, til ting du kan kjøpa eller laga til slike kalenderar. Er du handy eller god på handarbeid er det ingenting som er kjekkare å få enn heimelaga ting. Håpar du finn nokre tips her! :D

Kalendertips til menn:
Sokkar, boxershorts/truse, hanskar, skjerf, lue, lypsyl, hudkrem, barberblad, tyggis, sjokolade, lommelykt, arbeidshanskar, skjeggolje, mini-parfyme (parfymeprøve), ulike typar øl, deodorant, mansjettknappar, slipsnål, ring, tøflar, belte, caps, solbriller, dusjsåpe, hårvoks, magasin, massasjeolje, minnepenn, nøkkelring, lommebok, korthaldar, kinobillett, lommekniv, peanøtter, chips, brus, drikkeflaske, kompass, kortstokk, skopuss, armband, slips, sløyfe, gitarplekter, krydder, matolje, lita skjærefjøl, toalettmappe, fiskesluk, forkle, minnekort til kamera, kaffikopp, kaffi, te, matolje, mobildeksel, liten paraply, lita flaske med alkohol (Jägermaister, konjakk, Bailey's), sushi etepinnar, kjøleskapsmagnet, Q-tips, handsprit, kleenex, oppskrift på mat, flaskeopnar, kjeks, pølse, marmelade, chutney, ostekniv, innramma bilde.
(Har du mann som er glad i øl kan du jo kjøpa 24 ulike sortar og pakka inn. No såg eg også at Aas hadde laga ein slik ferdig øl-kalender, som er for sal på Spar).

Kaldendertips til kvinner:
Neglefil, neglesaks, neglelakk, neglelakkfjernar, handkrem, deodorant, handsåpe, mini-parfyme, lommespeil, sokkar, tøflar, duftlys, serviettar, lys, lypsyl, lipgloss, maskara, augeskugge, våtserviettar, bodylotion, dusjsåpe, sjokolade, hårstrikk, truser, sokkar, øyredobbar, smykke, armband, ring, lita veske, sminkepung, toalettmappe, forkle, kakeform, kaffikopp, kaffi, te, krydder, matolje, lita skjærefjøl, slikkepott, mobildeksel, liten paraply, lita flaske med alkohol (Jägermaister, konjakk, Bailey's), sushi etepinnar, strikkepinnar, garn, heklenål, julepynt, kjøleskapsmagnet, kortstokk, minnekort til kamera, tørrsjampo, dusjsåpe, Q-tips, kinobillett, lommebok, handsprit, pulsvarmar, kleenex, oppskrift på mat, "propp" til vinflaske, kjeks, pølse, marmelade, chutney, ostekniv, innramma bilde. 

Kalendertips til barn:
Perler, hårstrikk, viskelær, fargeblyantar, klinkekuler, sprettball, Kinderegg, klistremerke, lypsyl, tegnebok, hanskar, lue, solbriller, såpebobler, ballongar, jojo, glowsticks, sokkar, truser, puslespel, lommelykt, kinobillett, stempel, leikeslim, malekost, vannmaling, Pez, tyggis, Lego-figurar, sjokolade, slikkepinne, brus, chips, smågodt, kakeformer, mini-kjevle, fargekritt, penalhus, linjal, blyantspissar, hoppetau, fotball, bamse, lita bildebok.

"Gratis" kalendrar:
Desse krev litt meir arbeid, men eg tippar dei er minst like koselege å få :)
Aktivitetskalender
Finn på éin aktivitet kvar dag som du kan gjera saman med mottakaren.
Til dømes å baka, sjå film, gå tur, kafébesøk osb. Her er nokre tips (på engelsk).
Gåvekort-kalender
Lag små gåvekort, eitt for kvar dag, med tenester du kan gjera for/gi til mottakaren.
Til dømes husvask, massasje, bæra ved, rydda, laga middag osb.
Bildekalender
Skriv ut to bilde frå kvar månad av året som har gått, som du legg
i ein konvolutt. Opna ein konvolutt saman med mottakaren kvar dag, og lim inn i album saman.
Då sit vedkommande også igjen med eit fint minnealbum til slutt. 

Har du andre tips? Kom med dei i kommentarfeltet, då vel! :D

7/24/17

Postcard from Gdańsk

Den polske byen Gdańsk kan verkeleg anbefalast!
Ein veldig koseleg by, der alt frå mat og drikke
til shopping er rimeleg. Vi reise med WizzAir frå
Bergen, og betalte rett over fire tusen kroner
per person for fly og hotell i fire dagar.
Gamlebyen er veldig sjarmerande, med utruleg
mange vakre bygg, koselege restaurantar, liv og røre.
Strandbyen Sopot ligg berre 20-30 minutt unna med
taxi, så dit reiste vi òg for å få litt strandliv. Og vil du
shoppa er Galeria Bałtycka midt imellom dei
to byane eit godt val.

I really recommend the polish city Gdańsk if you
want a cheap city holiday. Nice people, good food, and
a very charming old town! And just 30
minutes away (with taxi) you'll find Sopot,
a smaller city with a big, beautiful beach.


Herleg frukost på Lookier, som ligg i hovudgata i gamlebyen.
(Eg kan også varmt anbefala den franske restauranten Cyrano et Roxane
i Sopot eller den italienske restauranten Fellini i Gdańsk for nydeleg middag).











3/28/17

Pink hair - don't care


Kanskje var det kvartlivskrisa no når eg nærma meg 30, kanskje var eg lei av å berre vera blondine? Uansett fekk eg akutt lyst til å testa nye L'Oréal Paris Colorista Washout med ein gong eg såg reklame for den. Eg syntest det var forlokkande at fargen berre varte i 1-2 veker, og har lenge hatt lyst til å prøva sukkerspinn-rosa hår. For litt over ei veke sidan kjøpte eg to pakkar på Vita, og lét det stå til. Eg tenkte eg sikkert måtte ha to pakkar for å dekka det lange håret mitt, og fekk rett. Det rakk akkurat. Eg følgde berre bruksanvisningane på pakken, og fekk hjelp av sambuaren til å ha fargen i.

Slik såg eg ut før:


Og slik såg eg ut etter dusj og hårtørk:


Eg syntest fargen var veldig knæsj med éin gong, men trøysta meg med at det ville falma for kvar dusj. Det gjorde det også. Det var ikkje heilt lett å få det jamt i heile håret, men det blei ikkje så ille som eg frykta. Slik såg det ut etter litt styling og endå ein dusj:


Etter dusj/hårvask nummer fire-fem hadde fargen falma mykje, og nærma seg den bleikrosa fargen eg opprinneleg ønskte meg:


Og slik var fargen etter éi veke, på bursdagen min:


Alt i alt var Colorista Washout slik eg håpte,
og det var moro å ha rosa hår i éi til to veker!
Ver berre obs på at fargen er ganske sterk dei første dagane.
Kanskje kan ein skylja den ut før dei 15-20 minuttane
med virketid er gått, for å få svakare farge?
Eg hadde den nok i håret i nærmare 20 minutt.
Eg ser for meg denne looken kan vera veldig moro
til festivalar i sommar. Kanskje skal eg prøva ein annan farge då?
Colorista Washout finst i ni ulike fargar, og eg prøvde #pinkhair.
Det finst også 1 dags-spray og permanent farge i serien,
og ein shampo du kan bruka for å bli kvitt fargen raskare.
Til 99,- kroner synest eg dette var heilt topp for min del.
Eg trur nok Colorista Washout fungerer best på lyst hår.
På L'Oréal sine nettsider kan du lesa meir om produkta.

I recently tried L'Oréal Paris Colorista Washout
in the color #pinkhair, and I loved it!
The color was pretty bright/strong in the beginning,
but faded after a few washes, as promised.

3/5/17

3 x 30-årsfest med Great Gatsby tema



I går feira eg, søskenbarnet mitt Marius og kjærasten hans/venninna mi Anne Mari 30-årsdagane våre på forskot. Tema var The Great Gatsby. Og det blei kjempesuksess! Takka vere dyktige Silje Tofte (@lindevegen på Instagram) blei lokalet knallbra, og nærmare 60 festpynta gjester bidrog til å gjera festen fantastisk. Takk til alle som bidrog, og for alle flotte gåver. Dette var STAS! 
Ei som skal ha ekstra stor takk er mamma, som stilte opp på søndagen, var sjåfør, ryddehjelp og laga nydeleg biffsnadder til ein hangover gjeng. Du, Gry Hege, er fantastisk!

This weekend I celebrated my 30th birthday in advance together with two good friends, and the theme was "The Great Gatsby". Glitter and glam mixed with bubbles and a lot of good friends made the evening perfect!









1/30/17

Amsterdam snapshots

Denne helga var eg og sambuaren i Amsterdam, det var julegåva hans. Og for ein merkeleg, spennande og vakker by! Der er noko sprøtt med å sjå så mange turistar svima i hasjrus på ulike coffeeshops, som forresten låg OVER ALT, og å sjå svært lettkledde, godt vaksne damer i vindauge i Red Light District på høglys dag (vi hamna tilfeldig der fordi vi rusla rundt utan mål og meining, og kvapp til då ei dame plutseleg sat og skreva rundt neste hjørne). Men det var også utruleg mange vakre bygg, trange smug med herlege butikkar, og sjarmerande kanalar med bruer over. Her er nokre snapshots frå helga. Trur eg må tilbake, altså :)

Klar for avreise på Flesland, med ei "litta" forfrisking først ;)

Hotellet vårt - Hotel Corner House - var lite og gammalt, men svært sjarmerande og midt i smørauget og i gåavstand til alt.



Rommet vårt var i øvste etasje, og det var ingen heis. God plass, då, i det minste! Kven den ekstra senga var tenkt til, veit ikkje eg. Skikkeleg sovesal-vibber.

Det kulaste med hotellet var puben på første plan. Den var "eigd" av ei svært husvarm kjette, som vandra rundt der ho ville - til og med på bardisken. Sjarmerande det òg, men ikkje så hygienisk..




Palasset på Dam Square.








Badass ducks.




Bierfabrik var ein knasande kul plass - bokstaveleg tala. På kvart bord låg peanøtter med skal som gav skikkeleg SuperLangbein-assosiasjonar, og gjestene blir oppmoda om å hiva skalet på golvet. My kinda place! Ølet var brygga på staden, og den grilla kyllingen med BBQ-saus var to die for.




Pretty details:




...good to know


Oooooooost!!! Sjølvsagt måtte vi innom ein av dei mange delikatessebutikkane og kjøpa med oss
litt godt heim.



Amsterdam by night. Sooo pretty!







Og til slutt må eg berre visa denne fantastiske "dingsen" sambuaren kjøpte til meg på ein skjønn butikk: Hugsar du Monchichi-bamsane frå 80-talet? No har eg endeleg min eigen i form av bling på veska - yay! :D Eg eeeelskar slikt "whimsical", glitrande dilldall.