Showing posts with label reisebrev. Show all posts
Showing posts with label reisebrev. Show all posts

7/24/17

Postcard from Gdańsk

Den polske byen Gdańsk kan verkeleg anbefalast!
Ein veldig koseleg by, der alt frå mat og drikke
til shopping er rimeleg. Vi reise med WizzAir frå
Bergen, og betalte rett over fire tusen kroner
per person for fly og hotell i fire dagar.
Gamlebyen er veldig sjarmerande, med utruleg
mange vakre bygg, koselege restaurantar, liv og røre.
Strandbyen Sopot ligg berre 20-30 minutt unna med
taxi, så dit reiste vi òg for å få litt strandliv. Og vil du
shoppa er Galeria Bałtycka midt imellom dei
to byane eit godt val.

I really recommend the polish city Gdańsk if you
want a cheap city holiday. Nice people, good food, and
a very charming old town! And just 30
minutes away (with taxi) you'll find Sopot,
a smaller city with a big, beautiful beach.


Herleg frukost på Lookier, som ligg i hovudgata i gamlebyen.
(Eg kan også varmt anbefala den franske restauranten Cyrano et Roxane
i Sopot eller den italienske restauranten Fellini i Gdańsk for nydeleg middag).











1/30/17

Amsterdam snapshots

Denne helga var eg og sambuaren i Amsterdam, det var julegåva hans. Og for ein merkeleg, spennande og vakker by! Der er noko sprøtt med å sjå så mange turistar svima i hasjrus på ulike coffeeshops, som forresten låg OVER ALT, og å sjå svært lettkledde, godt vaksne damer i vindauge i Red Light District på høglys dag (vi hamna tilfeldig der fordi vi rusla rundt utan mål og meining, og kvapp til då ei dame plutseleg sat og skreva rundt neste hjørne). Men det var også utruleg mange vakre bygg, trange smug med herlege butikkar, og sjarmerande kanalar med bruer over. Her er nokre snapshots frå helga. Trur eg må tilbake, altså :)

Klar for avreise på Flesland, med ei "litta" forfrisking først ;)

Hotellet vårt - Hotel Corner House - var lite og gammalt, men svært sjarmerande og midt i smørauget og i gåavstand til alt.



Rommet vårt var i øvste etasje, og det var ingen heis. God plass, då, i det minste! Kven den ekstra senga var tenkt til, veit ikkje eg. Skikkeleg sovesal-vibber.

Det kulaste med hotellet var puben på første plan. Den var "eigd" av ei svært husvarm kjette, som vandra rundt der ho ville - til og med på bardisken. Sjarmerande det òg, men ikkje så hygienisk..




Palasset på Dam Square.








Badass ducks.




Bierfabrik var ein knasande kul plass - bokstaveleg tala. På kvart bord låg peanøtter med skal som gav skikkeleg SuperLangbein-assosiasjonar, og gjestene blir oppmoda om å hiva skalet på golvet. My kinda place! Ølet var brygga på staden, og den grilla kyllingen med BBQ-saus var to die for.




Pretty details:




...good to know


Oooooooost!!! Sjølvsagt måtte vi innom ein av dei mange delikatessebutikkane og kjøpa med oss
litt godt heim.



Amsterdam by night. Sooo pretty!







Og til slutt må eg berre visa denne fantastiske "dingsen" sambuaren kjøpte til meg på ein skjønn butikk: Hugsar du Monchichi-bamsane frå 80-talet? No har eg endeleg min eigen i form av bling på veska - yay! :D Eg eeeelskar slikt "whimsical", glitrande dilldall.


7/15/15

Spontantur til den franske rivieraen

Som tittelen seier blei denne turen
bestilt to dagar før vi sat på flyet.
Eg og sambuaren fann ei pakkereise
på reisefeber.no til ein overkommeleg pris,
og bestemte oss for å hoppa i det.
Det er eg SÅ glad vi gjorde!

Vi budde litt utanfor Cannes,
som jo er mest kjent for den
årlege, internasjonale og kjendisspekka
filmfestivalen, og dette må vera ein av dei
vakraste byane eg har vore i. Her oste det
av luksus og glamour! 

I hamna og utanfor stranda låg
gigantiske luksusyachtar.




Her har eg stranda og promenaden
Le Croisette bak meg, der palmar og
designbutikkar låg på rekkje og rad.




Typisk fransk frukost: Baguette og croissant
med smør og marmelade, appelsinjuice og kaffi.


Det var fleire veldig koselege smug og
mindre handlegater bak La Croisette,
med sjarmerande butikkar.





Pause-snacks: Giga-makaron, sjokolade og kaffi:


Vi tok også turen opp dei små, snirklete
og vakre gatene til kyrkja Notre-Dame l'Espérance 
som ligg på ein liten ås, med utsikt over heile Cannes sentrum.
Heilt nydeleg!







Sjekk ut det utruleg koselege politihuset
i Cannes La Bocca:


Og at franskmenn- og kvinner går med
baguettar under armane er faktisk ikkje
berre på film, vi såg det fleire gonger!
Derfor måtte jo eg også prøva (knis):

Neste innlegg blir om Nice, ein halvtimes
togtur unna Cannes.