2/21/13

Sunne og gode lavkarbo-briks

I går laga eg lavkarbo-briks, nam! Dei er kjempegode, sunne og mettande, og er veldig enkle å laga. Dei er eigentleg berre samansett av ulike typar frø og har egg som bittemiddel, og sjølv om dei minnar om knekkebrød på utsjånad er dei ikkje sprø, men mjukare og litt meir "gummiaktige". Deler oppskrifta under, eg plar å dobla den når eg først er i gang med bakinga.
PS: Desse bør frysast viss ikkje du skal eta dei innan eit par dagar!

Du treng:
5 egg
2,5 dl solsikkefrø
2,5 dl sesamfrø
2,5 dl linfrø
2, 5 dl hakka valnøtter
1 ts salt



Bland alle ingrediensane saman i ein bolle, og fordel massen utover ei bakepapir-kledd langpanne slik at overflata blir jamn. (Laget bør ikkje vera for tjukt). Steik midt i omnen på 190 C i rundt 10 minutt.
Avkjøl før du skjer opp i passande stykke med eit pizzahjul.

Håpar det smakar! :D

No comments:

Post a Comment