2/22/14

Kalorifattig helgekos: Fantastisk sjokoladefudge




I prosessen eg har hatt med vektnedgang (no har eg gått ned 10 kilo) har eg vore på leit etter kalorifattige alternativ til kosemat. I førre innlegg nemnte eg at Bakekona har fantastiske oppskrifter, men i januar/februar-utgåva av Det Nye fann eg også nokre fantastiske oppskrifter på heimelaga sjokoladesnop. Denne sjokoladefudgen er noko av det BESTE eg har smakt, og kvar rute/stykke har berre 142 kaloriar!! Du berre MÅ prøva den! :D
Nokre av ingrediensane verkar kanskje litt rare, men eg lovar deg at det er verdt det å prøva å få tak i dei! Oppskrift på mandelsmør finn du her, kjempeenkelt å laga!

Her er oppskrifta på glutenfri, laktosefri, vegan, raw food sjokoladefudge:
(ca 16 bitar)

2 1/2 dl dadlar, utan steinar
1 1/4 dl mandlar
3/4 valnøtter
3/4 dl mørkt kakaopulver
2 modne bananer
4 ss mandelsmør
3/4 dl mørkt kakaopulver
4 ss agavesirup (eller flytande honning)

1. La dadlane mjukna i ei skål med varmt vatn i ein halvtime, hell så av vatnet
og hakk dei i små bitar. Ha dadlar, mandlar, valnøtter og 3/4 dl kakaopulver
i ein food prosessor og køyr til det er godt blanda og blir ein slags "mase".
2. Ha aluminiumsfolie i ei 20 x 20 cm form, gjerne litt oppover kantane.
Press blandinga godt ned i forma med ei skei og dekk botnen.
3. Ha bananer, mandelsmør, den siste delen av kakaopulveret og agavesirupen i food prosessoren
og køyr til det er godt blanda og jamt. Fordel blandinga over botnlaget i forma og jamn det til.
4. Sett det heile i frysaren i 30 minutt før du løftar heile blandinga ut av forma og deler det i 16 bitar
med ein skarp kniv. Oppbevar bitane i frysaren.

(For english recipe, contact me :)

No comments:

Post a Comment