1/28/14

Goodbye friend

I dag reiser ei veldig god venninne av oss til København for å studera i nokre månedar. Å kor vi kjem til å sakna ho! Fredag hadde vi klubbkveld, og då fekk ho ei hadet-gåve frå oss. Kanskje ein idé til andre og? 

Bildet var enkelt å laga. Eg fekk alle venninnene til å senda eit bilde av seg sjølv, nokre fekk andre til å ta, andre brukte sjølvutløysar. Fordi bilda var i ulik kvalitet blei dei finast og mest like i svart/kvitt, så det fiksa eg i eit enkelt redigeringsprogram. Etterpå sette eg dei saman i Word før eg skreiv ut og hadde det i ei ramme. Lett for den som skal reisa å ta med seg :)
I tillegg fekk ho ei København guidebok, og ein boks med norsk snop/mat.
Eit slags "Førstehjelpsutstyr for akutt heimlengsel" ;)


1/12/14

Interior crush

Har du sett noko så vakkert?!
Eg har ein stor crush på desse borda og bretta i blankt metall designa av Philipp Mainzer,
kalla "CM05 Habibi". Berre synd dei kostar 7-8.000 kroner.
Men det er lov å drøyma seg vekk... Sukk.

I LOVE these beautiful tray tables designed by Philipp Mainzer called "CM05 Habibi".
My metallic-crush continues...




1/9/14

2014 you will rock

Denne kalenderen er gratis å lasta ned i PDF slik at du kan skriva den ut.
Eg synest den er perfekt, så enkel og chic.
Du finn den på bloggen til Jasmine.

Isn't this free, printable calender super chic? You can find it here.


Bruktkupp som gjer meg glad

I går var eg innom den nye bruktbutikken "Retro" på Husnes.
Der fann eg eit kupp, nemleg desse skjønne pastellblå mokkakoppane med fat og mjølkemugge til.
Eg betalte 200 kroner for settet, og eg merkar at eg blir lukkeleg berre av å sjå på det!

Found these mocca cups with saucers at a new local thrift shop, and I just love them!
Aren't they just the cutest?



1/1/14

Happy New Year!

Fin kjole. Høge hælar. Bølger i håret. Familie. Gode vener. Flott selskap. Mange til bords.
Nydeleg mat. Pakkeleik. Fest. Rakettar. Kjærasten.
GODT NYTTÅR!
Håpar du hadde ei like flott feiring som meg! Eg gler meg til 2014 :)

Happy New Year you beautiful people!



Nyttårsmanikyr!


Hadde på meg kjole frå H&M

Meg og bror


Meg og fine Hege <3

Meg og bror <3

Meg og mannen <3

Three outfits, three different nights

Denne julehøgtida har gått så fort! Heldigvis har eg kost meg mykje med familien og gode vener. 

Her er dei tre antrekka eg har hatt på meg i jula.
Den raude peplumkjolen er frå Gina Tricot, og den hadde eg på julaftan. 
Den blå med open rygg er frå Nelly og fekk vera med ut første juledag. Dessverre har eg ikkje noko godt bilde av det lange gullskjørtet og toppen på, men det hadde eg på meg på Festidalen sin julefest og begge er frå Gina Tricot.
Kva var ditt favoritt?

Three outfits, three nights. What is your favourite? :) Hope you had a great Christmas holiday!