1/30/17

Amsterdam snapshots

Denne helga var eg og sambuaren i Amsterdam, det var julegåva hans. Og for ein merkeleg, spennande og vakker by! Der er noko sprøtt med å sjå så mange turistar svima i hasjrus på ulike coffeeshops, som forresten låg OVER ALT, og å sjå svært lettkledde, godt vaksne damer i vindauge i Red Light District på høglys dag (vi hamna tilfeldig der fordi vi rusla rundt utan mål og meining, og kvapp til då ei dame plutseleg sat og skreva rundt neste hjørne). Men det var også utruleg mange vakre bygg, trange smug med herlege butikkar, og sjarmerande kanalar med bruer over. Her er nokre snapshots frå helga. Trur eg må tilbake, altså :)

Klar for avreise på Flesland, med ei "litta" forfrisking først ;)

Hotellet vårt - Hotel Corner House - var lite og gammalt, men svært sjarmerande og midt i smørauget og i gåavstand til alt.



Rommet vårt var i øvste etasje, og det var ingen heis. God plass, då, i det minste! Kven den ekstra senga var tenkt til, veit ikkje eg. Skikkeleg sovesal-vibber.

Det kulaste med hotellet var puben på første plan. Den var "eigd" av ei svært husvarm kjette, som vandra rundt der ho ville - til og med på bardisken. Sjarmerande det òg, men ikkje så hygienisk..




Palasset på Dam Square.








Badass ducks.




Bierfabrik var ein knasande kul plass - bokstaveleg tala. På kvart bord låg peanøtter med skal som gav skikkeleg SuperLangbein-assosiasjonar, og gjestene blir oppmoda om å hiva skalet på golvet. My kinda place! Ølet var brygga på staden, og den grilla kyllingen med BBQ-saus var to die for.




Pretty details:




...good to know


Oooooooost!!! Sjølvsagt måtte vi innom ein av dei mange delikatessebutikkane og kjøpa med oss
litt godt heim.



Amsterdam by night. Sooo pretty!







Og til slutt må eg berre visa denne fantastiske "dingsen" sambuaren kjøpte til meg på ein skjønn butikk: Hugsar du Monchichi-bamsane frå 80-talet? No har eg endeleg min eigen i form av bling på veska - yay! :D Eg eeeelskar slikt "whimsical", glitrande dilldall.