5/21/14

Flower Power

No for tida er eg så hekta på blomeprint, berre sjå alt det fine eg fann på Ebay og Nelly! Kjem i sommarstemning med ein gong <3



5/13/14

Kalorifattige favorittar Del 2: Middag

For ei stund sidan laga eg eit innlegg om
kalorifattige alternativ til frukost, lunsj, kvelds og mellommåltid.
Eg lova å laga eit innlegg om kalorifattige middagar også,
så her kjem dei :) Håpar det smakar!


(Til 4 personar)
TOTALT: 292 kcal per porsjon (436 g)





(Til 4 personar)
TOTALT: 364 kcal per porsjon (440 g)




Chili con Carne
(Til 4 personar)
400 g karbonadedeig
1 ss olivenolje
2 løk
2 raude paprika
1 boks tomater, hermetisk
2 dl mais, hermetisk (1 boks)
300 g kidneybønner
2 dl ferdiglaga buljong
1 laurbærblad
15 g chilipulver
1 fedd kvitløk
15 g salt og pepper

Brun kjøttdeigen og mos den slik at den blir kornete. Legg kjøtet i ei gryte.
Kutt løk, kvitløk og paprika i bitar og fres det i olja utan at det blir
brunt. Ha det over i gryta og tilsett tomat på boks, bønner og mais, buljong og
krydder. La gryta småkoke lenge, i minst ein halvtime, helst to timar. Ta ut
laurbærbladet før servering.
TOTALT: 263 kcal per porsjon (449 g)





Asiatisk laksegryte
(Til 4 personar)
500 g laksefilet
3 dl kokosmjølk, lett
2 ts raud currypasta
4 dl fiskebuljong (kraft)
2 ts Fish sauce
1 stk limeblad
1 stk sitrongras
1 bunt Pak choi (kåltype)
eller kinakål
1 stk aubergine (stor)
100 g aspargesbønner
1 g salt
2 blad basilikum, fersk
1 ts matolje

Kok ris som tilbehør. Surr karripastaen med litt olje i ein stor kjele.
Bank sitrongraset og skjér auberginen i bitar. Ha sitrongras, limeblad og
aubergine i gryta saman med kokosmjølk, fiskebuljongen og fiskesausen.
Kok opp, reduser varmen og la suppa koka i 10 minutt.
Skjér kålen i bitar, del aspargesbønnene og ha alt i kjelen.
Kok i ca 5 minutt. Smak til med salt.
Skjér laksefileten i terningar og ha i kjelen. La dei trekkja i 2-3 minutt.
Strø over basilikum eller koriander og server med kokt ris.
TOTALT: 445 kcal per porsjon (462 g)




(Til 4 personar)
TOTALT: 317 kcal per porsjon (559 g)


5/5/14

Chanel around my neck

For ei god stund sidan såg eg ein idé på ein eller annan blogg
som eg ikkje fekk ut av hovudet. Nokon hadde teke ei lita
Chanel parfymeflaske og gjort den om til eit smykke.
Eg søkte litt rundt på Ebay, og fann ei nydeleg lita
vintage flaske som eg berre måtte klikka heim! Den var mindre
enn eg hadde trudd og, faktisk heilt perfekt! Eg hang den
i eit kjede, og har fått mitt eige heilt unike smykke.
Kva synest du?

A while ago I found a blog post somewhere about the
cutest little necklace made of a Chanel mini-perfume.
I found this vintage perfume on Ebay, put it on a chain,
and now I have my own unique necklace. Love it!






5/4/14

Konfirmasjon

Gårsdagen blei ein fantastisk dag for konfirmanten sjølv, veslebror Brede,
og heile familien og venene rundt han.
Dette innlegget er mitt bidrag i maiutfordringa til Norske Interiørblogger,
kalla "Festlige tider"

Tema for konfirmasjonsfesten var a la Casino Royale (James Bond-filmen).
Vi hadde svarte dukar og raude løparar på borda, og bordkorta var
spelekort med bilde av gjestene på. Rundt omkring låg sjetongar og kort
som pynt, og i tillegg hadde vi speil med raude lys og kvite roser på
som ulike oppsatsar/midtpunkt på borda. Koldtbordet laga vi sjølve
i tillegg til at vener av familien bidrog med nokre rettar. Mykje god mat!
Ved inngangsdøra hadde vi lagt raud løpar og pynta med ballongar
i svart, raudt og kvitt. Vi hang også ein girlander av ballongar i stova.

Takk til alle gjestene og andre som var med på å gjera denne dagen
så flott og minnerik for både oss og konfirmanten!