12/26/15

Same procedure

Jula kjem liksom alltid som "kasta på" meg.
Men i år følte eg det verre enn nokon gong.
Eg har konkludert med at det sikkert er
på grunn av ein litt spesiell sommar og haust,
der eg har hatt tankane mine ein heilt annan stad.
Då står tida litt stille, medan verda rasar forbi.
Det har ført til at juleførebuingane mine i år
berre har blitt sånn halvvegs, på slump, liksom.
Eg har heller ikkje hatt julestemning.
Men, HELDIGVIS, så kom den over meg
då eg kom heim til barndomsheimen vesle julaftan.
Det er min høgast skatta tradisjon.
For mamma, ho er heilt rå når det kjem
til jul. Heile heimen er pynta ned til kvar minste
detalj, og eg blir varta opp frå sekundet eg kjem
inn døra. Det er jo litt artig då, at ei 28 år
gammal kvinne "flyttar heim" til jul,
og overnattar i barndomsheimen, når ho sjølv bur
2 km unna. Men det er berre så herleg, og
det er det som er jul for meg!
Eg har hatt nokre fantastiske dagar her,
og fått feira med dei eg er mest glad i.
Eg er så heldig, og kan ikkje unngå å bli litt
sentimental.
Eit lite bildedryss følgjer.
God jul, alle <3


Som ein tradisjon lagar alltid bror min
Hellstrøm-ribbe vesle julaftan. Det er
fantastisk godt! (Som alt anna han lagar)







Ein annan tradisjon vi har er å pynta treet ilag.


Verdas finaste tre, synest no eg!

Eg og mamma har sjølvsagt like pysjamasar ;)




Herleg julefrukost <3


Morfar og onkel kom til oss på graut.
Pus ville også ha!


Julepynta middagsbord før pinnekjøt





Min julekjole i år var frå Nelly


Nokre av dei mange fine gåvene eg fekk


Some pictures of my christmas celebration at my mom's. Good food and great company. I feel blessed! Hope you all had a great celebration :)

10/11/15

Plommeterte

Eg er så heldig å ha plommetre
i hagen min. Plommer er nydelege
i seg sjølv, men også herlege
som syltetøy og i kaker og dessertar.
Har du ikkje plommer kan du gå på
slang, eller kjøpa dei i butikken.
Her kjem ei oppskrift på ei deilig
plommeterte som er enkel å laga:

Mjukt smør til pensling
Brunt sukker
10-12 plommer, avhengig
av kor stor form du bruker
100 g smelta smør
2 1/2 dl sukker
2 1/2 dl mjøl
1 ts bakepulver
1/2 ts salt
1 egg

Skyll og del plommene i to, og fjern steinen.
Du treng nok halve plommer til å
fylla botnen i ei eldfast form.
Pensla den eldfaste forma med mjukt smør,
og dryss eit lag med brunt sukker i botnen.
Legg dei halve plommene ned i forma
slik at dei dekker botnen.





Bland dei tørre ingrediensane
i det smelta smøret. Rør saman egget
og ha det i røra. Smør/trykk røra over
plommene, slik at dei er nokolunde
dekte av røra.



Steik terta i 40 minutt
på 170 grader. Server gjerne med
fløyte eller vaniljesaus! Nam.



8/24/15

Fit for a princess

Førre helg var eg på ein vakker
plass, som lokka fram prinsessa i meg.
I høve eit bryllaup var eg og kjærasten
i Volda, der vi budde på Hotel Union Øye,
der også sjølve bryllaupsfesten var.
Og for ein nydeleg plass!
Dei vakre romma og atmosfæren
fekk meg til å føla meg kongeleg.
Dette er henta frå hotellet si nettside:
"I enden av Norangsfjorden, på Øye,
ligger et av Europas mest herskapelige hotell.
Hotel Union Øye har i generasjoner vært
et attraktivt reisemål for kongelige, forfattere og elskere.
Helt siden åpningen i 1891 har hotellet
vært et sted hvor gjester kommer for å nyte stillheten,
roen og det gode liv i storslagne omgivelser.
Hotellet sine 27 rom er alle individuelt dekorert
og møblert med nøye utvalgte antikviteter.
Rommene er også oppkalt etter kjente personer
som har bodd på hotellet gjennom tidene;
Keiser Wilhelm II, Kong Oscar II, Dronning Maud
og Kong Haakon, samt forfatterne Karen Blixen,
Knut Hamsun, Sir Arthur Conan Doyle
og ikke minst komponisten Edvard Grieg."













8/2/15

Festidalen 2015

Festidalen.
Ein bygdefestival i Kvinnherad,
i dei flottaste omgivnadane
du kan tenkja deg,
mellom fjord og fjell i Uskedalen.
Kvart år drar store artistar hit
for å spela konsertar,
i år stod blant andre Jaa9 & OnklP,
Veronica Maggio, Team Me, deLillos,
Emilie Nicolas og Skambankt på scena.
For ei fantastisk oppleving.
Eg er stolt av å vera kvinnhering.

#Festidalen2015 in my <3









One happy Festidalen-deltakar! ;)

7/17/15

That striped dress

Denne kjolen kjøpte eg første gongen
eg var i New York, men eg syntest den fortente
å bli med ut på vift i Cannes også.







Fyrstedømmet Monaco

Sidan vi var så nær fyrstedømmet Monaco
då vi var i Cannes tok vi ein føremiddagstur
dit med tog. Det tok ein liten time frå Nice,
viss ikkje eg hugsar heilt feil. Og dette
landet, som er verdas nest minste, var
utruleg fascinerande! Det er litt vanskeleg
å beskriva, men alt her var så forseggjort og
vakkert. Spesielt bygga og fasadane. Og heile
tida høyrte vi motordrønn frå lekre sportsbilar
som suste forbi oss. Sidan 1929 har billøpet
Monaco Grand Prix blitt arrangert her.
Vi hoppa på ein turistbuss
for ein guida tur rundt området, og det var fort
gjort, hehe! Landet er ikkje meir enn to
kvadratkilometer stort.
Her er eit lite bildedryss frå Monaco: