9/24/14

Reisebrev frå Dublin del 3

Shoppinga i Dublin var veldig bra.
Dei hadde omtrent alle butikkane du treng,
som New Look, Forever 21, Zara, Mango,
River Island +++. Det er to shoppinggater
verdt å sjekka ut, Grafton Street og O' Connel Street,
og i tillegg er kjøpesenteret Jervis veldig bra.



Eg nemnte restaurantar i del 1 av reisebrevet,
men eg vil også ta med det irske middagsshowet
til Arlington pub rett ved elva Liffey. Her betalar
du for ein trerettars middag som er heilt ok
(i alle fall om du likar kjøt, poteter og brun saus),
og eit show med irsk musikk og dans. Veldig artig!
Sikkert kjekt om ein er ei gruppe med folk også.







Og så til noko både eg og kjærasten syntest var
skikkeleg kult: Ein god gammaldags Barber shop!
Det låg mange forskjellige rundt om kring,
men den han valte var skikkeleg old school.
Barberaren var veldig dyktig, og barberte
på gamlemåten, med kniv.











Det burde alle mannfolk prøva! :)

Har du vore i Dublin, eller vurderer du å reisa?

Reisebrev frå Dublin del 2

Ein av dagane vi var i Dublin gjorde vi
noko veldig koseleg. Vi lurte litt på å ta ein guida
busstur ut til kysten eller til eit slott, men resepsjonisten
på hotellet vårt tipsa oss om å heller ta toget ut til
landsbyen Malahide på eiga hans. Togstasjonen låg midt
i sentrum og var enkel å finna.
Togturen tok ein halvtime, og kosta oss under 100 kr trur eg.
Og Malahide var verkeleg koseleg! Små restaurantar
og butikkar, og ei sjarmerande hamn og sandstrand.
I gåavstand låg også Malahide Castle and Gardens,
eit av dei eldste slotta i Irland. Her kjøpte vi
omvisning og fekk koma inn i slottet og sjå dei ulike
romma. Det var som å vera i ein film. Utruleg flott.













Reisebrev frå Dublin del 1

Eg og kjærasten var ein tur til Dublin den første
veka i august, og eg forelska meg heilt i den byen!
Koseleg, fargerik og historisk på ein gong,
og sentrum er såpass lite og sentrert at eg
følte det var greitt å orientera seg der.
Sentrum er på ein måte delt av elva Liffey.

Vi budde midt i smørauga, i Temple Bar-disriktet.
Her var det mange kule, rare butikkar, restaurantar
og barar. Hotellet vårt, The Fleet Street Hotel,
var fint innreia og rimeleg, og dobbeltrommet
hadde grei storleik. Ved inngangen låg også
ein TGI Fridays-restaurant.







Som ekte turistar var vi sjølvsagt innom
Guinness-museet. Det var interessant nok,
men viss du som meg ikkje er spesielt begeistra
for dette mørke, kraftige ølet, ville eg kanskje
droppa det. Kjekt å ha sett det, spesielt baren i
toppetasjen med panorama-utsikt over heile byen, men
langt frå noko "must".








Vi tok også turistbuss, og sjekka ut to vakre katedralar,
St Patriks og Christ Church-katedralen. I sistnemnte
er tv-serien The Tudors spelt inn.





Dublin har mange gode restaurantar, og her er
nokre eg vil anbefala:

Bach 16
Ligg rett ved elva Liffey, på nordsida. Veldig koseleg
plass, og nydeleg oste- og skinketallerken! Perfekt
for lunsj eller mellommåltid.






The Church
Denne restauranten er rett og slett ei kyrkje/
katedral gjort om til restaurant! Knallstilig!
Maten er noko dyr, men veldig god.
Restauranten ligg ved Jervis Street, i nærleiken
av kjøpesenteret der.
 







The Bakehouse
Fin plass å eta frukost eller lunsj. Berre
fasaden på kafeen er jo nok til å freista! :D



Elephant & Castle
I Temple Bar. TIDENES beste kyllingvinger
og fantastisk burger! Nam..




I del 2 av reisebrevet skal eg blant anna fortelja
om ei utruleg koseleg "utflukt" til havnelandsbyen Malahide!

9/14/14

Shopping i New York

Eg trur det er umogleg å ikkje shoppa
i New York. Utvalet er enormt, og prisane er lågare
enn heime. Eg handla ikkje i nærleiken så mykje
eg kunne ha gjort, men eg er veldig nøgd med
innkjøpa mine. Butikkar eg vil anbefala er bl.a.
Forever 21, Century 21, Victoria's Secret,
Nike Store, Topshop/Topman og Apple Store.


På Apple Store kjøpte eg denne mobilveska frå Michael Kors.
Har ønska meg den lenge og heldt på å bestilla den frå nett
fleire gonger, men fann ut eg kunne venta og kjøpa den i USA.


Den stripete blazeren kjøpte eg på Zara.
Synest den er så fin, den passar til så mykje,
både kvardags og fest :) Og så elskar eg striper..




På Zara fann eg også denne kjolen.
Klassisk, enkel og elegant, synest eg.



Eg har lenge hatt lyst på "Pocahontas"-sko,
som eg har kalla dei, hehe. Merket heiter eigentleg
Minnetonka, og eg heldt på å bestilla dei frå Nelly.
Men i NY var dei billigare, og eg fekk prøvd dei på.
Ikkje suoer-praktisk med semska skinn på vestlandet,
men eg synest dei er så fine!




Eg er veldig glad i Nike sine treningsklede og sko,
eg synest nesten dei er eineståande på marknaden
når det kjem til å ha kulast/finast ting.
Eg fekk kjøpt sko (mest til kvardagsbruk, ikkje
trening), topp, shorts og bag på Nike Store.


Og så måtte eg jo berre ha denne hettejakka frå
Victoria's Secret med New York bakpå
og Fridomsgudinna i paljettar! :D Den er skikkelig
mjuk og god og ha på og, perfekt til å "chilla" i.


These are my buys from New York!
Impressed with myself for not shopping more,
but I think I got some good stuf ;)