6/27/15

Two dresses in one

Den nye kjolen min frå Kappahl
kan brukast kort eller lang.
Kor genialt er ikkje det?










6/16/15

Bergenfest snapshots

#selfie på #selfie på #selfie.
Årets Bergenfest var amazing,
med Kygo, Team Me, Susanne Sundfør
og Röyksopp som mine favorittkonsertar.
Synd det var så beinkaldt og surt,
legg merke til at eg på eit tidspunkt
gjekk over til raudvin og tok på meg
 vottar fordi det var så kaldt å drikka øl!
Vi budde i ei fantastisk leilegheit som
vi leigde gjennom AirBNB,
verdt å testa ut om du ikkje har prøvd det!
Mykje billegare enn hotell, og meir
personleg. Kjem definitivt til å bruka
denne nettsida igjen.

Strøken leilegheit i Fosswinckelsgate, sjekk den ut her.



Bursdagsbarnet som blei 30 på fredag, woop woop!

Sushi på Nama med eel maki - NAM!






Kygo





Röyksopp

6/5/15

Young and wild



"Young and wild".
Kan eg sleppa unna med det
på ryggen? Kjem nok an på kven
du spør! ;) Eg spør ikkje.
Eg berre bestemmer at eg er det.





Den eine soldagen på aldri
så lenge, og eg hoppa i både
kjole og bikini og kjøpte is.
Det varer ikkje lenge, anyway...


Ny denimjakke frå H&M,
som eg faktisk har klypt av nedre
delen på. Tenk det, å klyppa i
ein heilt ny jakke! Men den var
rett og slett litt for lang, og sat
finare på når den var kortare.
Den var litt holete og røff frå før,
så då gjekk det an utan å sy.


Kjolen er to sesongar gammal,
men DIGG å gå med.
Bandanaen er frå Nelly.