11/26/13

Heimelaga peparkakehus

For første gong har eg laga eit peparkakehus frå "botnen"!
Eller, det vil seia, deigen var kjøpedeig frå Rimi, og ikkje var den særleg god heller :p Den blåste seg veldig opp i omnen, og derfor blei husdelane skeive. MEN eg har i alle fall laga veggjer og tak til huset sjølv, montert dei (med hjelp av mannen) med smelta sukker og dekorert dei.
Sjølve dekoren er inspirert av Den gode feen, ho lagar heilt nydelege peparkakehus!
Ho har også skrive innlegg om korleis du kan laga mal til eige hus.
Eg pynta husdelene og lét dei tørka før eg monterte huset.
Noko eg gløymte: Vindauge. Pytt sann. Eg laga dei av melisglasur i staden ;)

Noko skakt, og glasuren blei etter ei stund litt misfarga av knekken som held huset saman, men alt i alt er eg veldig nøgd. Neste prosjekt er å laga hus i mindre skala.

Kva synest du om huset mitt?




 






For the first time I made a gingerbread house from scratch (except the dough was store bought)!
Love this way of decorating it, inspired by this blog. What do you think?

11/24/13

Helgefrukost: Grove og sunne pannekaker

Stikk innom for å dela ei oppskrift med dykk! Desse pannekakene er veldig gode og mettande, og så er det berre 312 kaloriar per porsjon (ca tre pannekaker) utan tilbehør. Eg plar å ha litt syltetøy og vaniljekesam til :) Dei fungerer sjølvsagt like godt til alle måltid, ikkje berre som frukost.
Her er oppskrifta:
1,5 dl kveitemjøl
1,5 dl sammalt kveite
3 egg
5 dl ekstra lett mjølk
1 ts salt
1 ss matolje i røra
1 ss matolje til steiking

La røra svelle i ca. 30 min før du steiker pannekakene gylne.
Vel bekomme!




11/20/13

Nye godbitar frå Zanz

I går kom pakken eg har venta på, med to nye "statement pieces" til heimen. Eg fekk vita om nettbutikken Zanz då eg var innom NIB her om dagen, og då eg klikka meg inn fann eg sååå mykje fint. Lysestaken frå House Doctor minnar om Kubus frå By Lassen, men denne eg har bestilt har glasruter som gjer det mogleg å fylla lysestaken med det du måtte ønskja, og så er prisen mykje meir overkommeleg ;) Betongvasen er også frå House Doctor, og sjølv om den er større enn eg trudde og meir bronsefarga enn gull, så elskar eg kontrasten mellom betong og metall!
Likte du kjøpa mine? :)












11/11/13

Dymo fun

Nyleg fekk eg denne morosame dingsen i posten, bestilte den på Ebay (sjølvsagt). For meg er slike Dymo-"maskinar" veldig retro, eg hugsar slike frå då eg var lita jente! Eg synest desse klistrelappane med tekst på er så kule, dei gir eit minimalistisk og stramt uttrykk.
Dei skal brukast på mange av årets julegåver :)





11/7/13

Skin deep.

Eg har eit mildt sagt ambivalent forhold til tatoveringar, men fascinerande er dei uansett. Nett no jobbar eg med ein reportasje om tatoveringar, og derfor blir eg jo litt påverka. Eg har funne så mange nydelege motiv via Pinterest, og må innrømma at eg blir freista! Her er eit lite utval: