8/28/14

NYC: Tips og råd

Eg tenkte eg ville dela nokre tips og råd
for andre som skal reisa til New York.



Før du reiser:
- Hugs at du MÅ søkja om turistvisum/ reisetillatelse
for å få reisa inn i USA. Les om kva type visa du
skal søkja om her. (Info i menyen til høgre).
Du søkjer elektronisk, men pass litt på kva nettside
du bruker. Las nettopp om eit ektepar som blei
svindla.
- Sjekk ut kva som skjer i byen medan du er der!
Kanskje er det festivalar, spesielle show,
"restaurant week" eller anna som er verdt å få
med seg. Desse sidene kan vera verdt å følgja
med på: NY Times, NY Magazine, NYC Go,
også på Twitter viss du har det. Elles kan du
også googla ;)


Gratis Wi-fi
På dei fleste Starbucks-restaurantar er det
gratis trådlaust internett. Kjøp deg ein kaffi
eller noko å eta, og surf i veg. Vi hadde ein rett
ved hotellet vårt, så når vi ville ha internett
stilte vi oss berre opp utanfor kaffibaren og kom
oss på nett. Litt sleipt, men vi kjøpte jo noko
nesten kvar gong ;) Internettet på
hotellet var derimot kjempedyrt!


Tips/driks
Det er vanleg å gi tips/driks i USA, og det er dette
dei som jobbar i serviceyrka lever av.
Av og til er tips inkludert på rekninga
på restaurantar, men oftast må du rekna det
ut sjølv og legga det til summen. Det vanlegaste
er mellom 15 og 20 prosent. Du bør også
tipsa taxi-sjåførar eit par dollar, spesielt på litt
lengre turar. Du slepp tips/driks i butikkar.


Bestill bord
Viss det er mogleg er det lurt å bestilla bord
på restaurantane de skal på på førehand.
Dei beste restaurantane er gjerne fullbooka
 når du kjem, og det er keisamt å måtta venta
eller å risikera å måtta snu i døra! Eg søkjer opp
og bestiller gjennom OpenTable.com når eg kan,
då samlar eg samtidig poeng som eg kan bruka
seinare for å få prisavslag seinare. Veldig enkelt
og greitt å bruka :)


Lange avstandar
Manhattan er stooort! Derfor er det ikkje alltid
mogleg å gå til fots til ting du skal på. Det aller
luraste er å læra seg undergrunnssystemet/subwayen.
Det liknar på det i London, og det er ikkje vanskeleg
å finna ut av. Det er rimeleg og går kjappare enn å ta
taxi, fordi taxiane må stoppa for raudt lys HEILE tida.
Er de fleire personar ilag og unngår å ta subwayen
veldig seint på kveld vil eg seia det er rimeleg trygt.
Dessutan får du oppleva lokalbefolkninga på nært
hald, inkludert ein del gateartistar og tiggarar som
opptrer inne på subway-vognene. Ein gong kom
det tre svarte ungdommar inn i vår vogn og turna
og breaka til hip-hop musikk - knallstilig!



Skriv ned adresser
Skal du likevel ta taxi, som jo kan vera greitt
innimellom, og spesielt viss du vil "heilt til døra"
når du har høge hælar og ikkje vil gå så langt
- skriv ned heile adressa til dit du skal,
og ta den med deg på ein lapp eller mobilen.
Dette bør alle i følgjet gjera, ofte må ein jo
i to taxiar viss ein er fem eller fleire.
Det er så mange like namn og adresser,
derfor må taxisjåføren ha nøyaktig adresse for
å finna fram. Døme:
Spotted Pig
314 W 11th St
Mellom Hudson St og Greenwich St i West Village
Også veldig lurt å ha adressa til hotellet,
ofte har dei visittkort i resepsjonen som
du kan ta med deg og ha i lommeboka.

Merk deg taxi-ID
Eit anna tips viss du først skal ta taxi:
Notér deg taxien/taxisjåføren sitt namn
og ID-nummer som står ein eller annan
stad inni bilen. Viss du skulle vera så uheldig
å gløyma noko igjen i ein taxi hjelper det veldig
å hugsa dette, for då kan folka i resepsjonen
ringa til taxisentralen og på den måten få tak i
sjåføren. Dette skjedde meg då vi var i LA i fjor,
då eg gløymte telefonen igjen i ein taxi.
Det ordna seg etter myyykje styr, men alt hadde
vore enklare hadde eg hugsa nokre
detaljar om taxisjåføren.

Spør om hjelp
Vi opplevde amerikanarane som veldig vennlege
og hjelpsame. Spør du om hjelp slepp dei omtrent
alt dei har i hendene for å bidra! Skal du ein spesiell
stad er det lurt å spørja i resepsjonen på hotellet
før du går der frå, då kan dei finna raskaste/enklaste
vegen for deg.


8/14/14

Coney Island

Noko av det eg likar best med New York
er at det er så ikonisk. Eg har sett det på film og tv
og reiser du til byen får du endeleg sjå det "in real life".
Coney Island er ein slik ikonisk plass. Det er ei halvøy
og ein ferieplass i den sørlege delen av Brooklyn og
Queens, med sandstrand, promenade, restaurantar og
tivoli. Vi var der siste dagen vår, og angra ikkje!
Eg hadde lest at det var svært turistifisert, overfylt
med folk, skitent og forsøpla. Derfor slo eg frå
 meg å liggja på stranda og bada der, men det
angrar eg på! Det var mykje betre enn forventa,
og eg vil anbefala deg som skal dit om sommaren
å ta med badetøy og vera der ein heil dag.
Fredagar er det fyrverkeri der klokka 21.30 om kvelden
i sesongen. Det skulle eg ønskja vi også hadde fått
med oss! Det er enkelt å koma seg til Coney Island,
du tar berre D, Q, N eller F-toget
til Stillwell Avenue.












8/13/14

Matanbefalingar i New York del 2

Her kjem del to av restaurantane eg vil anbefala
at du sjekkar ut i New York.

Esperanto er ein veldig sjarmerande plass.
Veldig hipp med flest unge kundar, og
den serverer brasiliansk/latinamerikansk mat.
Kult innreiing og veldig koselig nabolag :)






Esperanto
145 Ave C
East Village, Alphabet City

-----------------------

Du som elskar sjokolade bør få med deg
Max Brenner "Chocolate by the Bald Man"!
Dette er ein restaurant som har fokusert på sjokolade,
og på menyen er alt frå varm sjokolade og sjokoladefondant,
til sjokolade-fondue og sjokoladepizza! Men dei
har vanleg mat også, og den var faktisk
også kjempegod. 




Max Brenner
841 Broadway
Mellom 13th St og E Union Sq
i Greenwich Village, Union Square

------------------------

For fantastisk BBQ, ribs og pulled pork, dra til
Mable’s Smokehouse and Banquet Hall i Brooklyn.
Vi bestilte mykje forskjellig, og delte på alt.
Kjøtet var så mørt at det datt frå beinet. Delicious!





Mable’s Smokehouse and Banquet Hall 
44 Berry St
Mellom 12th St og 11th St
i Williamsburg - North Side

-----------------

Matanbefalingar i NYC del 1

Med så mange bra restaurantar som det finst
i New York er det ikkje nødvendig å eta dårleg mat
medan du er der! Mitt tips: Dropp Hard Rock Café på
Times Square eller TGI Fridays ;)
Matopplevingar var ein stor del av
turen vår, og eg reserverte bord på førehand gjennom
OpenTable.com. I eit tidlegare innlegg lista eg opp
alle restaurantane vi skulle på, men eg vil igjen skriva
litt om dei eg synest var best.

Vår store favoritt er blitt Spotted Pig, der åt vi to
gonger i løpet av turen. Denne rare,
men sjarmerande vesle restauranten ligg i West Village,
og du kan ikkje reservera bord. Der må du berre møta opp
i døra, skriva deg på ei liste, og VENTA. Kanskje
opp mot to timar. Det er nemleg ein veldig populær plass,
og det er størst trøkk i helgane og mellom
klokka 18 og 22 på kvelden. Men hamburgeren
her, med roquefort-ost (blåmugg) og tynne
timian-krydra "shoe string fries" er berre til å DIE for!
Eg får vatn i munnen av å tenka på den..
Dei har sjølvsagt mykje anna snadder også,
men eg har bestilt burgeren alle 
tre gongene eg har vore der. SÅ god er den ;)


Dessverre eit dårleg bilde, men berre for å visa korleis det ser ut
utanfor restauranten. Ved døra heng ein gris, og utanfor står
frodige potteplanter akkompagnert av julelys.


Kanskje ikkje for alle sin smak å ha den så lite steikt, men er du verkeleg
glad i biff og burger eller kjøt generelt, så veit du at smakane
kjem ekstra godt fram om du veljer å ha det litt rått. Eg plar seia "medium rare".

Spotted Pig
314 W 11th St
Mellom Hudson St og Greenwich St i West Village

-------------------

Første kvelden då vi nett var komne til byen
gjekk vi på TAO Uptown. Denne asiatiske
"fusion"-restauranten er utruleg stilig innreia,
med ein gigantisk Buddha-statue
midt i den store etesalen. Stemninga var kul
og pulserande og maten var veldig god!



Eg kan definitivt anbefala det eg hadde;
Crispy Orange Chicken. Deilig.


TAO Uptown
42 E 58th St
Mellom Madison Ave og Park Ave i Midtown East

-------------------

Ein annan god restaurant er Betony, med moderne,
amerikansk meny i gourmet-klassen. Litt stive
prisar, men DIGG mat! Lekkert lokale, fantastisk
service. Vi følte oss som kongelege!



Betony
41 W 57th St
Mellom Avenue Of The Americas og 5th Ave i Midtown West

---------------------

Amerikanske diner'ar kan vera utruleg kule og
ikoniske, og på Empire Diner er maten i tillegg
kjempegod! Utruleg stilig metallisk interiør og
mange kule detaljar.
 






Empire Diner
210 10th Ave
Mellom 22nd St og 23rd St i Chelsea


8/9/14

Go Yankees!

Eit anna høgdepunkt på New York-turen vår
var å gå på baseballkamp! Erke-amerikansk og
veldig moro å ha fått med seg. Vi såg Yankees vs.
Texas Rangers, og sjølv om vi ikkje forstod alle
detaljar i spelet var det spennande. Stemninga
var heilt fantastisk, og vi følte oss nesten som ekte
"New Yorkers" ;)
Eg bestilte billettar på nett, trur dei kosta rundt
5-600 kroner. Vi hadde veldig gode plasser.
Du kan få billigare, men det kjem
an på kor langt bak/vekk frå bana du er villig til å sitja.




Vi måtte jo sjølvsagt kjøpa oss litt Yankees-"gear" når vi var der.
Eg synest trøyene er skikkeleg kule!



Vi måtte jo sjølvsagt også prøva maten på
Yankee stadion! Corndogs, fried chicken, pommes frites
med ein haug med cheddar på, og limonade og øl.
Junk food med stor J, altså ;) Men godt var det!

Heile gjengen samla <3