8/28/14

NYC: Tips og råd

Eg tenkte eg ville dela nokre tips og råd
for andre som skal reisa til New York.



Før du reiser:
- Hugs at du MÅ søkja om turistvisum/ reisetillatelse
for å få reisa inn i USA. Les om kva type visa du
skal søkja om her. (Info i menyen til høgre).
Du søkjer elektronisk, men pass litt på kva nettside
du bruker. Las nettopp om eit ektepar som blei
svindla.
- Sjekk ut kva som skjer i byen medan du er der!
Kanskje er det festivalar, spesielle show,
"restaurant week" eller anna som er verdt å få
med seg. Desse sidene kan vera verdt å følgja
med på: NY Times, NY Magazine, NYC Go,
også på Twitter viss du har det. Elles kan du
også googla ;)


Gratis Wi-fi
På dei fleste Starbucks-restaurantar er det
gratis trådlaust internett. Kjøp deg ein kaffi
eller noko å eta, og surf i veg. Vi hadde ein rett
ved hotellet vårt, så når vi ville ha internett
stilte vi oss berre opp utanfor kaffibaren og kom
oss på nett. Litt sleipt, men vi kjøpte jo noko
nesten kvar gong ;) Internettet på
hotellet var derimot kjempedyrt!


Tips/driks
Det er vanleg å gi tips/driks i USA, og det er dette
dei som jobbar i serviceyrka lever av.
Av og til er tips inkludert på rekninga
på restaurantar, men oftast må du rekna det
ut sjølv og legga det til summen. Det vanlegaste
er mellom 15 og 20 prosent. Du bør også
tipsa taxi-sjåførar eit par dollar, spesielt på litt
lengre turar. Du slepp tips/driks i butikkar.


Bestill bord
Viss det er mogleg er det lurt å bestilla bord
på restaurantane de skal på på førehand.
Dei beste restaurantane er gjerne fullbooka
 når du kjem, og det er keisamt å måtta venta
eller å risikera å måtta snu i døra! Eg søkjer opp
og bestiller gjennom OpenTable.com når eg kan,
då samlar eg samtidig poeng som eg kan bruka
seinare for å få prisavslag seinare. Veldig enkelt
og greitt å bruka :)


Lange avstandar
Manhattan er stooort! Derfor er det ikkje alltid
mogleg å gå til fots til ting du skal på. Det aller
luraste er å læra seg undergrunnssystemet/subwayen.
Det liknar på det i London, og det er ikkje vanskeleg
å finna ut av. Det er rimeleg og går kjappare enn å ta
taxi, fordi taxiane må stoppa for raudt lys HEILE tida.
Er de fleire personar ilag og unngår å ta subwayen
veldig seint på kveld vil eg seia det er rimeleg trygt.
Dessutan får du oppleva lokalbefolkninga på nært
hald, inkludert ein del gateartistar og tiggarar som
opptrer inne på subway-vognene. Ein gong kom
det tre svarte ungdommar inn i vår vogn og turna
og breaka til hip-hop musikk - knallstilig!



Skriv ned adresser
Skal du likevel ta taxi, som jo kan vera greitt
innimellom, og spesielt viss du vil "heilt til døra"
når du har høge hælar og ikkje vil gå så langt
- skriv ned heile adressa til dit du skal,
og ta den med deg på ein lapp eller mobilen.
Dette bør alle i følgjet gjera, ofte må ein jo
i to taxiar viss ein er fem eller fleire.
Det er så mange like namn og adresser,
derfor må taxisjåføren ha nøyaktig adresse for
å finna fram. Døme:
Spotted Pig
314 W 11th St
Mellom Hudson St og Greenwich St i West Village
Også veldig lurt å ha adressa til hotellet,
ofte har dei visittkort i resepsjonen som
du kan ta med deg og ha i lommeboka.

Merk deg taxi-ID
Eit anna tips viss du først skal ta taxi:
Notér deg taxien/taxisjåføren sitt namn
og ID-nummer som står ein eller annan
stad inni bilen. Viss du skulle vera så uheldig
å gløyma noko igjen i ein taxi hjelper det veldig
å hugsa dette, for då kan folka i resepsjonen
ringa til taxisentralen og på den måten få tak i
sjåføren. Dette skjedde meg då vi var i LA i fjor,
då eg gløymte telefonen igjen i ein taxi.
Det ordna seg etter myyykje styr, men alt hadde
vore enklare hadde eg hugsa nokre
detaljar om taxisjåføren.

Spør om hjelp
Vi opplevde amerikanarane som veldig vennlege
og hjelpsame. Spør du om hjelp slepp dei omtrent
alt dei har i hendene for å bidra! Skal du ein spesiell
stad er det lurt å spørja i resepsjonen på hotellet
før du går der frå, då kan dei finna raskaste/enklaste
vegen for deg.


No comments:

Post a Comment