8/3/14

New York from above

Noko av det kjekkaste vi gjorde som
turistar i New York var sightseeing i helikopter
og med "water taxi". Eg bestilte via denne sida,
pakken som heiter "VIP: Air & Sea Tour".
Sidan det var plass til fem personar utanom
piloten fekk alle vi fly åleine. Er du færre
må du kanskje ha andre med i helikopteret.
Vi fekk på oss øyreklokker med mikrofon, og
kunne kommunisera med kvarandre gjennom dei.
Å fly over over byen, Ellis Island og
Roosevelt Island var fantastisk! 






Etterpå blei vi skyssa vidare til kaien
der "water taxien" (ein hurtigbåt) gjekk frå.
Det vi ikkje visste på førehand var at det var rundt
ein time å venta til båtturen gjekk. Men det gjekk greitt,
vi sette oss på ein koseleg bar og slappa av i mellomtida.
På båtturen var det mykje folk, men vi fekk plass
på øvste dekk fordi vi hadde VIP-armband. Båten
køyrte under Brooklyn-brua og ut til Fridomsgudinna.
Vi fekk spektakulær utsikt og det var skikkelig moro!
Om bord var det bar og toalett, og inkludert fekk
vi også eit glas champagne ;)











No comments:

Post a Comment