2/21/13

Sunne og gode lavkarbo-briks

I går laga eg lavkarbo-briks, nam! Dei er kjempegode, sunne og mettande, og er veldig enkle å laga. Dei er eigentleg berre samansett av ulike typar frø og har egg som bittemiddel, og sjølv om dei minnar om knekkebrød på utsjånad er dei ikkje sprø, men mjukare og litt meir "gummiaktige". Deler oppskrifta under, eg plar å dobla den når eg først er i gang med bakinga.
PS: Desse bør frysast viss ikkje du skal eta dei innan eit par dagar!

Du treng:
5 egg
2,5 dl solsikkefrø
2,5 dl sesamfrø
2,5 dl linfrø
2, 5 dl hakka valnøtter
1 ts salt



Bland alle ingrediensane saman i ein bolle, og fordel massen utover ei bakepapir-kledd langpanne slik at overflata blir jamn. (Laget bør ikkje vera for tjukt). Steik midt i omnen på 190 C i rundt 10 minutt.
Avkjøl før du skjer opp i passande stykke med eit pizzahjul.

Håpar det smakar! :D

2/19/13

Neon+bling

I helga fann eg denne herlege neonfarga genseren på sal på Jack and Jill, så den fekk vera med heim. Kjekt å variera garderoben litt, no i vinter har det gått mykje i svart. Smykket med steinar og naglar fann eg på Cubus. A girl can never have enough bling! :D Veit ikkje om du kan sjå det på meg, men eg har blitt forkjøla og kjenner meg elendig. Usj. Håpar det slepp taket snart!

I found this fun neon colored sweater on sale this weekend and had to have it! I'm so tired of black and greys in my wardrobe. I also picked up this "bling" necklace. You like?






2/8/13

Gifts for Mother's Day



Søndag er det morsdag, dagen vi skal gjera ære på dei viktigaste kvinnene i liva våre! Eg er glad i å gi bort gåver, og dei finaste er dei som er heimelaga, synest eg. Dei du har lagt tid og kjærleik i, uavhengig av kor "perfekt" resultatet er ;) På nettet florerer det med gode idear, og her deler eg nokre som verken er dyre eller for avanserte. Lukke til!

Sunday is mother's day here in Norway, the day we honor the most important women in our lives! I love giving gifts, and the best ones are those I have made myself. There are many great ideas online, and here I share some things that are neither expensive or too difficult to make. Good luck!

 
Søte bokmerker som er enkle å laga

 Kle vanlege kubbelys med kanelstenger. Dekorativt og herleg duft!

 Morosamt vinglas! ;) Teikn på med ein keramikk-tusj du får kjøpt i hobbybutikkar,
og steik i omnen for å herda.


"Vinpose" av armen på ein gammal genser

Koselege brikker i filt til koppar eller glas
Ei flott ramme med papirlommer i ulik storleik
- voila, ein lekker "organisator"!