7/17/14

Reisefeber

Måndag reiser vi til New York - eg, kjærasten, mamma og brørne mine.
Turen er konfirmasjonsgåva til yngste bror min.
Eg gler meg skikkeleg til å reisa tilbake!
I fjor sommar var vi der for første gong, men då berre i nokre dagar.
Her kan du lesa/sjå bilder frå det opphaldet.
Denne gongen blir vi i ni dagar, og eg håpar å få gjort mykje meir.
For deg som er nysgjerrig, her er den førebelse planen vår:

Måndag 21:
Reisedag. Vi flyr med Icelandair via Reykjavik.
Hotellet vi skal bu på heiter Ameritania, eg bestilte via Hotels.com.
Framme på kvelden, men forhåpentlegvis rekk vi middag på
TAO Uptown der eg har bestilt bord. Ein restaurant med asiatisk mat,
blant anna kjent frå Sex and the City.

The Ameritania Hotel:


TAO Uptown


Tysdag 22:
Formiddag i Central Park, lunsj på The Loeb Boat House.




Runde med sightseeing-buss for å få litt oversikt.
Middag på Betony, ein moderne amerikansk restaurant.




Onsdag 23:Frukost på Empire Diner:


Shopping! Eg vil innom T.J. Maxx, Forever21, og Century 21.
Lunsj på Burger Joint på Le Parker Meridien
(kåra til den beste burgeren i NYC):



Så blir det helikoptersightseeing over byen,
før vi tar Water Taxi ut til Fridomsgudinna
og skålar i champagne ;)



Kvelden blir avslutta på The Spotted Pig, der vi også var førre gong.
Då blir det truleg burger for andre gong, der har dei nemleg
verdas beste burger med blåmuggost og "shoe string fries"!


Torsdag 24:
 Denne dagen skal vi sjå Yankees mot Texas Rangers på Yankee stadium!
Det trur eg blir ei artig oppleving.


Kampen startar klokka 13 og varar nokre timar,
derfor er ettermiddagen ganske open.
På kvelden skal vi eta på Toro, ein spansk tapas-restaurant:




Fredag 25:
Planen denne dagen er å vandra i områda Little Italy og Chinatown:



Lunsjen tenkjer eg vi tar på Delicatessen.
Typen har veldig lyst å gå på ein skikkeleg autentisk "barber shop",
derfor går sannsynlegvis han og eldste bror min på denne
The New York Shaving Company:



Minstebror min vil innom Sony Wonder Technology Lab:


Middagen tar vi på Esperanto, ein latinsk resturant i East Village.


Laurdag 26:
Shopping! Og så lunsj på Max Brenner "Chocolate by the bald man".
Denne plassen er visstnok himmelen for sjokoladeelskarar!
Du kan til og med få sjokolade inn med sprøyte, hehe.




På kvelden et vi på gourmet-restauranten Public,
som er innreidd med bibliotek-detaljar:


Kvelden blir avslutta med magishowet til Steve Cohen.


Søndag 27:
Eg trur det kan passa å gå innom American Museum of Natural History
denne dagen. Lunsjen et vi på La Birreria,
ein takrestaurant/bar med eige bryggjeri.
Så kan vi ta turen over til Brooklyn og den store loppemarknaden der:



Kvelden blir avslutta med middag på sjømatrestauranten Extra Fancy:




Måndag 28:
Ein dag i Brooklyn. Først innom Coney Island strand og fornøyelsespark:


Så vandrar vi på den vakre kyrkjegarden Green-Wood Cemetary,
før vi kjøper pizza på Grimaldi's og set oss i Brooklyn Bridge Park:


Vi skal eta middag på Mable's Smokehouse,
før vi går over Brooklyn bridge
 og får ei spektakulær utsikt mot Manhattan sin skyline:



Tysdag 29:
Denne dagen har vi ikkje lagt opp til noko spesielt.
Det blir den siste dagen før heimreisa, så det er digg
å ikkje ha så mange planar!

Er det RART eg gler meg eller?! :D

No comments:

Post a Comment