7/31/14

The Ameritania Hotel

Ok, eg tenkte eg skulle blogga litt "temavis" frå
 New York-turen vår, og derfor er det naturleg
å starta med hotellet vårt.
Først kan eg jo nett nemna at vi flydde med Icelandair
via Reykjavik, og eg var svært nøgd med dette selskapet.
God beinplass, mange kjekke filmar/tv-seriar å velja mellom,
og USB-inngang på skjermen slik at ein kunne lada telefonen
undervegs. Mat var ikkje inkludert på reisa, men dei hadde
ein liten meny om bord, og dei små miniburgarane og
snackspakken var veldig gode!

Og så til hotellet vårt, The Ameritania Hotel.
Det låg verkeleg midt i smørauga!
Berre nokre få blocks frå Central Park i "nord" på
Manhattan, og nokre få blocks frå Times Square
"sør" i andre enden. Subway-stasjonar låg
også i nærleiken, i tillegg til mange koselege
kafear og deli's. Personalet på hotellet var svært
hjelpsame og hyggjelege, spesielt karane i døra
som hjelpte oss med alt frå koffertar
til vegtips. Romma var ok storleik på, dei var
stilig innreia og hotellet verka relativt nytt. Badet
var veldig fint og reint. Vi bestilte hotellet via
Hotels.com, der eg har konto og dermed får
bonusovernattingar. Eg synest det er veldig greitt
å bestilla via den sida. Vi betalte hotellet dagen vi sjekka
ut, noko som gjekk strålande. Eit minus var at det ikkje var
gratis Wifi på hotellet, men vi gjekk berre rett over
gata og brukte gratisnettet til Starbucks ;)


Hotellet låg rett ved Ed Sullivan Theater, der Late Show
med David Letterman blir spelt inn


Den stilige lobbyen! Der var også eigen bar


Romma var stilig innreia

Stilige detaljar i gangen. Sånn speil vil eg ha!

Hotellet hadde også eit lite styrkerom i kjellaren.

Eg kan verkeleg anbefala dette hotellet til alle som skal
til New York! :)

No comments:

Post a Comment