10/6/13

Haust = innekos

Ikkje BERRE innekos, sjølvsagt.
Det er flott å gå turar ute om hausten, når alle dei flotte fargane kjem fram og vi kan pusta inn den klåre lufta. Men likevel innbyr kaldare dagar og mørkare kveldar til litt meir innetid. Då er det kjekt å ha det fint og koseleg rundt seg. Eg kosar meg ekstra med å tenna masse stearinlys, krypa under teppet og drikka noko varmt. 

I det siste har eg fått nokre nye innslag heime som eg tenkte å visa dykk:



Eg er litt lei reven og fann meg ei ulvepute i staden (H&M).



Då eg plutseleg kom over eit lite bonsaitre på blomebuttikken her nede måtte eg berre ha det!
Dei er så kule. Den fine gullspegelen har eg fått av mamma.





Eg har dilla på kaniner/harepusar. Serviset og lysestakane klikka eg heim frå H&M Home.


Teppene våre ligg for tida i denne rustikke korga, som eigentleg høyrer til ein vinballong.
Kul? Det synest i alle fall eg;)

Ha ein fin kveld :)

No comments:

Post a Comment