10/31/13

Graskarkake og rista graskarfrø

Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg har eg i år gjort nytte av innmaten i graskaret
etter at eg laga graskar-lykt. 

Etter å ha skrapa ut så mykje som mogleg av graskaret separerte eg frøa for seg.
Kjøt og "trådar" kokte eg møre i nokre minuttar,
før eg laga det om til graskarpuré ved å mosa det i foodprocessoren.


Eg fann ei engelsk oppskrift på "Honey Pumpkin Cake", og omsette den omtrentleg til norsk. Kaka smakte krydderkake med eit hint av graskar, og var veldig saftig. Her er linken til den engelske oppskrifta, og her er mine noko rare mål:

4,73 dl mjøl
2 ts bakepulver
2 ts kanel
1/4 ts salt
3 dl honning
2,365 dl smør
4, 73 dl graskarpuré
1 ts vaniljeekstrakt
4 egg

Forvarm ovnen til 175 grader. Bland honning, smør og graskarpure. Ha i det tørre, og bland til slutt inn eitt og eitt egg. Ha røra i ei smurd form, eg brukte rundt. Steik i rundt 30-35 min på 175 grader. Test om kaka er ferdig ved å stikka i den med ein tannpirkar eller ein trepinne, den skal vera tørr når du tar den ut igjen. Det er nok godt med glasur på kaka, men eg synest den var god utan og.
Den er best nysteikt :)




Graskarfrøa skylte eg godt i vatn, tørka dei med tørkepapir, og vendte dei i litt olje. Så spreidde eg dei utover eit steikebrett, krydra dei godt, og steikte dei på 135 grader i rundt ein time til dei var sprø og gylne. Eg rørte også litt i dei undervegs for å få dei jamt steikte.
Nam, kjempegod og sunn snacks! :D




No comments:

Post a Comment