5/25/15

Lovely Southend-on-Sea


Denne pinsehelga har eg vore så
heldig å få reisa til den engelske 
hamnebyen Southend-on-Sea med 
jobben min.  Og FOR ein herleg tur! 
Eg elska verkeleg atmosfæren
der, og vi var så heldige å ha fint vêr
og sydentemperatur innimellom. 
Vi var ein kollegagjeng på 14 i
ulike aldrar som reiste. Her er den
fine "flokken":

This weekend I got to visit Southend-on-Sea with my
colleagues. Here's my "crowd" - I have the best workplace! <3


At vi reiste til akkurat 
denne byen var sjefen si forteneste, 
han såg på ulike plasser som
låg rundt ein time frå London, og 
syntest denne byen såg bra ut. 
Han hadde rett!
Byen har blant anna ei lang, fin 
sandstrand med tivoli/fornøyelsespark, 
koselege kafear og pubbar, og 
Southend Pier på  2,14 km,  
ein av verdas lengste pirar.
Det er veldig mange koselege
gater her, skikkeleg idyllisk plass!

This seaside city is just so idyllic and cozy, with it's long beach,
adventure park, the Southend Pier, great nightlife and shopping. We loved it here!


Først om hotellet; 
Park Inn by Radisson Palace.
Bra standard til å vera England, med store
og reine hotellrom og ein fin bar. 
Det låg rett ovanfor stranda 
fornøyelsesparken Adventure Island, og
også rett ved handlegata High Street.
Der var det veldig bra shopping, med
butikkar som H&M, River Island,
Topshop, Miss Selfridges og New Look.

I can really recommend our hotel, the Park Inn by Radisson Palace.
The location was perfect, just above the beach and adventure park, and
right by the main shopping street.





Vi reiste tidleg fredag morgon, og heim
igjen grytidleg måndag andre pinsedag.
Eg var i reisekomiteen og fekk vera med
å bestemma kva vi skulle gjera dei
ulike dagane. Fredag kveld åt vi på ein 
sjarmerande tyrkisk restaurant som heitte 
Istanbul. God grillmat!

Friday night we tried a turkish restaurant called Istanbul. Great food.





Laurdag var vi på vinsmaking 
på ei sjarmerande lita vinsjappe som
heitte Vino Vero, og som låg i 
Leigh-on-Sea, som ligg 15-20 minutt 
unna Southend. Den var eigd/drive
av eit ungt svært hyggjeleg par, Sam og Charlie.
Vi hadde valt ein vinpakke med seks
sprudlevinar, og vinsmakinga vara i rundt
1 1/2 time. Utruleg koseleg stund, kan
verkeleg anbefalast om du skal reisa
til området med ei gruppe vaksne!
Du kan lesa meir om Vino Vero på
heimesida deira.

Saturday we had a really nice wine tasting session at Vino Vero, a charming wine
store in Leigh-on-Sea. The couple who run the place are so sweet and seemed like
they had a lot of knowledge about the wines we tasted. Check out their website!








Laurdag kveld åt vi på The Rose Garden,
som også låg i Leigh-on-Sea.
Nydeleg mat og veldig fin atmosfære!
Etterpå fekk vi sjå Eurovision i pubben,
før kokken og dottera som jobba i
restauranten køyrte oss tilbake til
hotellet fordi vi ikkje fekk tak i taxi!
Så herlege folk.

I can really recommen the Rose Garden restaurant. Lovely food and
atmosphere. The chef and his daughter were kind enough to drive us to our
hotel when we couldn't get a taxi. So kind and sweet people.


Søndagen hadde vi piknik på stranda,
med bobler, sandwichar og quiz.
Vi handla inn mat og plastglas på
Marks & Spencer som låg i handlegata,
og som hadde veldig bra utval.
Teppe fann vi på ein annan butikk rett ved.
Utruleg herleg å vera på stranda med
så fint vêr og temperatur!

Sunday we had a lovely picnic on the beach - great way to spend a sunny day! We bought
food and plastic glasses at Marks & Spencer in High Street. After that we went to Adventure
Island, so much fun :)






Etterpå gjekk vi i fornøyelsesparken, og eg
var ein av dei som  turde å prøva den 
eine berg og dalbanen! Knallmoro. 



Southend-on-Sea kan verkeleg anbefalast
som reisemål, med andre ord! Her er nokre
nettsider med meir info om plassen:
http://www.visitsouthend.co.uk/

Check out the websites above for more info about Southend-on-Sea and what you can
do there. A lovely place I want to go back to!