5/19/15

17. mai

17. mai-feiringa vår i år var heilt perfekt.
Vi var her i "Husnes Hills" heile dagen
saman med eit knippe gode vener,
og starta med champagnefrukost før vi vinka
til toget som gjekk forbi huset. Seinare hadde vi
spontan musikkquiz, før vi avslutta med grilling.
Avslappa og koseleg! Hardangerbunaden min
er vel det finaste antrekket eg har, men
det er ikkje det mest behagelege å gå i
når alt du gjer er å eta, hehe! Men eg heldt
faktisk ut heile dagen utan å skifta.
Håpar du også hadde ei flott nasjonaldagsfeiring!

Some pictures from our celebration of
Norway's national day/ Norwegian constitution day,
17th of May.

Brodern skjenker bobler til frukostgjestene


Eg og Sindre vinkar til toget

Christian var grillmeister

Hardangerbunaden min - er den ikkje fin?