4/28/13

Fantastiske nord!

No sit eg på flyplassen i Bodø og ventar på å fly vidare til Oslo, etter ei heilt fantastisk helg i Svolvær saman med gode aviskollegaer! Eg har delteke på Landslaget for Lokalaviser sitt landstreff, og har opplevd så mykje spennande. Eg skal definitivt tilbake til Lofoten! Eg har mange knallgode bilde på kamera, men her deler eg nokre mobilbilde i første omgang.