4/12/13

DIY: Studded shoulders

Her er eit enkelt DIY-prosjekt eg har tenkt på lenge, og som eg endeleg fekk gjennomført. Alt du treng er ei skjorte/bluse/t-skjorte/genser du vil skal få ein rocka makeover, naglar (eg bestilte mine på Ebay), og noko til å laga hol til naglane med - eg brukte ein trådsprettar. Naglane eg hadde er veldig enkle å bruka, du skrur berre dei to delane saman med stoffet imellom, så mange som du ønskjer for å få den rette "looken". Eg synest det blei tøft!

Here is an easy DIY-project I've been wanting to do for a while. It is super easy, all you need is a shirt, studs/spikes (I bought mine from Ebay), and something to make holes with. Cool, huh? :)