3/27/13

Påskepynta heim og bursdagsfeiring

Ahhh....endeleg påskeferie! :D
No har eg pynta leilegheita litt og fått skikkeleg vårstemning! Eg kjenner eg er litt misunneleg på dei som er på hyttetur, men med dette veret vi har trur eg jaggu vi skal kosa oss heime og. Vi får heller ta oss dagsturar til fjells og vera mykje ute i staden!

Easter holidays, yay! Now I have decorated the apartment and celebrated my birthday, and I'm ready to chillax with my boyfriend and the family the rest of the week. Sweet life!



Tysdag hadde eg bursdag, og eg hadde ei flott feiring. Eg fekk mange flotte gåver og blei gjort stas på av kjærast, vener, familie og kollegar. Eg bakte to kaker, begge for første gong, og blei superstolt over at eg fekk dei til, hehe! Sjokoladekaka var det spesielt mange som likte, og oppskrifta finn du her.
Eg følgde denne oppskrifta for Pavlova'en.