3/22/13

Digg helgefrukost: Egg&Bacon med ein vri

Dette er ein veldig enkel og digg måte å gjera helgefrukosten litt meir spennande på! Eg brukte små, eldfaste former, men du kan også bruke store muffinsformer.
Slik gjer du:
Start med å kle formene med rå baconstrimler. Lag så eggerøre, berekn minst eitt egg per person. Pisk egg saman med litt melk eller vatn, ha i vårlauk eller graslauk og krydder. Steik i panna. Bland også i små bitar av ost om du vil, eg brukte blant anna Brie. Fyll eggerøre i formene, og steik på 200 grader i steikeomn, lenge nok til at baconet er gjennomsteikt. Ta innhaldet forsiktig ut av formene og legg på eit fat når du skal servera (det ser veldig lekkert ut då, synd eg gløymte å ta bilde av det). Enjoy! :D