1/25/15

Helgebakst: Grytebrød og sitronkake

Av og til får eg bakeånda over meg, og
laurdag prøvde eg meg på noko nytt.
Eg fekk ei keramisk gryte til jul, og ville derfor
prøva eltefritt grytebrød. Det er superenkelt!
Eg rørte ingrediensane samen klokka ti fredag
kveld, og laurdag rundt klokka tolv steikte eg
brødet. Eg burde kanskje latt det heva enda meir,
det blei litt kompakt, men nysteikt brød er jo digg
uansett, og har du tid er det ingenting som er enklare :)
Eg følgde denne oppskrifta.




Etterpå bakte eg sitronkake. Den er ganske
enkel å laga, er saftig på grunn av "glazen",
og har skikkeleg god sitronsmak!
Eg brukte oppskrifta til Ida Gran-Jensen bak
bloggen "Cake please".


 



Anbefaler denne altså! :)
Ha ein fin søndag <3

1/17/15

Top it off with a hat

Usikker på om eg kler hatt så godt,
men denne frå H&M synest eg var så kul at eg kjøpte den!
Fordelen med hatt er at eg ikkje blir våt i håret ;)
Skinnjakken er eg blitt veldig glad i, den kjøpte eg på
River Island i Dublin i sommar.






 
 






12/26/14

Inspirasjon: Ti antrekk frå film og tv

No i julehøgtida er det mange av oss som skal
på ulike festar, og snart er det også nyttårsaftan.
Her har eg samla ti antrekk frå film og tv,
som eg håpar kan inspirera deg like mykje som meg!

Daenerys Targaryen (Khaleesi) frå tv-serien Game of Thrones:


Daisy Buchanan i The Great Gatsby:


Serena van der Woodsen i Gossip Girl:

Sarah (Jessica Parker) i Hocus Pocus:


Marlena i Water for Elephants:


Rose i Titanic:



Vivian Ward i Pretty Woman:


White Queen i Alice in Wonderland:


Carrie i Sex and the City:


Og sjølvsagt: Tre nøtter til Askepott!

Julaftan 2014

Julaftan i år inneheldt alt den skulle.
Herleg frukost og Tre nøtter til Askepott.
Graut hos pappa og Janne. Besøk på besten si grav.
Herleg pinnekjøt ilag med mamma, brørne mine,
mormor og morfar, i barndomsheimen min.
Krumkaker og moltekrem til dessert.
Flotte gåver - eg trur eg fekk
alt eg ønskte meg!
I am blessed.
Håpar din dag var like fin som min!
God jul <3








12/6/14

Julepynta heim

Å, kor eg elskar jula!
Vi flytta inn i det nye huset vårt i oktober,
så dette er første gongen eg får pynta til jul her.
Det synest eg er skikkeleg stas.

Eg bestemte meg for raud
og litt tradisjonell julepynt i år, og eg fekk eit gyldent
høve til starta pyntinga til 1. desember,
fordi eg skulle ha julebord heime hos meg.

Eg har lenge tenkt på å bruka striestoff som duk
eller løpar, for å få ein litt grovare og rustikk utsjånad.
Med julestjerner og tujagreiner fekk eg pynta med
planter, og med det slenger eg meg på
NIB si desemberutfordring:
"Innreiing med planter"
(sjå fleire bidrag via
linken).

Slik blei resultatet:


  

Av tujagreiner laga eg også denne kransen til ytterdøra!
Tujagreinene held seg grøne lenge, og fungerer
derfor bra som pynt ute og inne.



Må også visa dykk "juletreet" mitt - ei lita fure eg
fann og saga ned nær barndomsheimen min! Eg har så mykje
vakker, antikk julepynt som eg vil visa fram,
og sidan eg ikkje har kunstig tre og ikkje skal feira
julaftan i eige hus blei dette løysinga.


10/16/14

Ponchomania


Denne hausten er ponchoen/capen/teppejakken
eit nøkkelplagg. Eg har hatt lyst på ein poncho
lenge, og det er eit hav av variantar å velja mellom.
Her er nokre eg fann som eg likte:


Espirit (Ellos) - 899,-

 Zara - 559,-

Zalando - 499,-

Ane Mone (miinto.no) - 799,-


Min favoritt var denne:
Zalando - 499,-

10/15/14

IKEA lanserer "Paper shop"!


Skulle kanskje tru dette innlegget var sponsa,
men nei. I wish! Det er berre det at eg er så
utruleg glad i fint papir, så då eg kom over
denne nyheita tilfeldig måtte eg tipsa andre om
det. IKEA lanserer nemleg "Paper shop",
med mykje fint gåvepapir, papirdekorasjonar,
notatbøker, gåveesker og anna kontorrekvisita.
I love! Og som med alt anna IKEA lagar er
det ganske rimeleg.