12/6/14

Julepynta heim

Å, kor eg elskar jula!
Vi flytta inn i det nye huset vårt i oktober,
så dette er første gongen eg får pynta til jul her.
Det synest eg er skikkeleg stas.

Eg bestemte meg for raud
og litt tradisjonell julepynt i år, og eg fekk eit gyldent
høve til starta pyntinga til 1. desember,
fordi eg skulle ha julebord heime hos meg.

Eg har lenge tenkt på å bruka striestoff som duk
eller løpar, for å få ein litt grovare og rustikk utsjånad.
Med julestjerner og tujagreiner fekk eg pynta med
planter, og med det slenger eg meg på
NIB si desemberutfordring:
"Innreiing med planter"
(sjå fleire bidrag via
linken).

Slik blei resultatet:


  

Av tujagreiner laga eg også denne kransen til ytterdøra!
Tujagreinene held seg grøne lenge, og fungerer
derfor bra som pynt ute og inne.



Må også visa dykk "juletreet" mitt - ei lita fure eg
fann og saga ned nær barndomsheimen min! Eg har så mykje
vakker, antikk julepynt som eg vil visa fram,
og sidan eg ikkje har kunstig tre og ikkje skal feira
julaftan i eige hus blei dette løysinga.


No comments:

Post a Comment