5/29/13

Fine lyslenker

Sjå desse fine lyslenkene! Billigare enn Happy Lights som har vore det store i bloggverda lenge, og minst like fine, synest eg! Begge er kjøpt på Nille.











5/23/13

♥ Aztec ♥

Desse fine kjolane blei med meg heim frå BIK BOK på Amandasenteret tysdag. Er dei ikkje fine? Har dilla på både maxikjolar og aztekisk mønster. Glittershortsen trur eg blir fin til sommarbrune bein!


Love these maxi dresses with aztec pattern and the shorts with sequins! From BIK BOK.












5/22/13

New favourite

Ny neglelakk - glam, bling og feminin! H&M har mange fine og billige for tida, verdt å sjekka ut.

4/28/13

Fantastiske nord!

No sit eg på flyplassen i Bodø og ventar på å fly vidare til Oslo, etter ei heilt fantastisk helg i Svolvær saman med gode aviskollegaer! Eg har delteke på Landslaget for Lokalaviser sitt landstreff, og har opplevd så mykje spennande. Eg skal definitivt tilbake til Lofoten! Eg har mange knallgode bilde på kamera, men her deler eg nokre mobilbilde i første omgang.

















4/22/13

TEST: Depend Gellack


Til bursdagen ønskte eg meg Depend Gellack startkit, og var så heldig å få det :) No har eg testa det nokre gonger, og eg synest det er heilt genialt! Når du er litt sånn "neglelakk-junkie" som meg, så blir du også perfeksjonist. Lakken må vera heilt glatt, ikkje koma utanfor og så vidare. Eg får også panikk når neglelakken byrjar å flassa, og nettopp derfor er Gellack så bra! Den varar i minst to veker, og er like fin heile vegen. I startkit'et til Depend, som eg trur kostar rundt 500 kroner på Cubus, får du med ei lita UV-lampe, før/etter-rens, baselakk og topplakk. Sjølve lakken med farge må du kjøpa utanom. Det er veldig lett å bruka viss du følgjer bruksanvisninga! Slik fungerer det: Du startar med å reingjera neglene med ein bomullsdott fukta med før/etter-rensen. Så legg du eitt lag baselakk, to lag med den farga lakken, og avsluttar med eit lag med topplakk. Du må herda for kvart lag med lakk ved å ha neglene under UV-lampa i 30 sekund. Til slutt reinsar du med før/etter-lakken igjen, og du er ferdig. Det tek litt lenger tid å leggja denne typen lakk, men samtidig slepp du å venta til den tørkar og er ready-to-go med ein gong! I love <3 Har du testa Depend sin Gellack, eller anna shellac?

I got Depend Gellack startkit for my birthday, and I love it! The nail polish lasts for about two weeks because you harden it under a UV-lamp, and it is genius! Have you tested the "shellac"-polish?




4/19/13

Flower girl (headband DIY)

Blomar i håret synest eg er så fint, det gir ein skikkeleg sommarleg look! Og å laga sin eigen "blomekrans" er enkelt. Eg brukte ein billig hårbøyle, kunstige pynteblomar og limpistol. Eg trur den kan bli veldig fin på til dømes festival, på ein sommarfest eller liknande. You like?

I love flowers as hair accessories, they make a really "summery" look. Here's how you can easily make your own headband:





4/14/13

The best news!

OMG, i fare for å verka som ein motefrelst idiot må eg berre få ropa YESS! Tenk at Olsen-tvillingane skal designa for BIK BOK! Det betyr at alle vi som er moteinteresserte, men som ikkje har råd til å bruka tusenvis av kroner på interessa, likevel kan få tak i plagg designa av to av verdas største stilikon! Samarbeidet inkluderer tre kolleksjonar som skal byggja på Mary-Kate og Ashley sitt syn på dagens trendar, og dei skal lanserast til hausten. Frå før har tvillingane eigne klesmerke; The Row og Elisabeth & James. Åh, eg gleeeer meg! :D

OMG! Mary-Kate and Ashley Olsen are collaborating with the Norwegian brand BIK BOK, and together they will produce three collections which will launch this fall! I'm SO excited, can't wait! :D