5/19/15

17. mai

17. mai-feiringa vår i år var heilt perfekt.
Vi var her i "Husnes Hills" heile dagen
saman med eit knippe gode vener,
og starta med champagnefrukost før vi vinka
til toget som gjekk forbi huset. Seinare hadde vi
spontan musikkquiz, før vi avslutta med grilling.
Avslappa og koseleg! Hardangerbunaden min
er vel det finaste antrekket eg har, men
det er ikkje det mest behagelege å gå i
når alt du gjer er å eta, hehe! Men eg heldt
faktisk ut heile dagen utan å skifta.
Håpar du også hadde ei flott nasjonaldagsfeiring!

Some pictures from our celebration of
Norway's national day/ Norwegian constitution day,
17th of May.

Brodern skjenker bobler til frukostgjestene


Eg og Sindre vinkar til toget

Christian var grillmeister

Hardangerbunaden min - er den ikkje fin?





5/4/15

Plaid

Alltid vore fan av det skotskrutete
mønsteret. Gir meg vibber både til
rocka 60-tal og skuleuniform ;)






4/26/15

Ballerina Pink

Til bursdagen fekk eg mykje fint,
blant anna tre neglelakkar
i eit merke eg ikkje har prøvd før - Estée Lauder.
Flaskene er heilt nydelege, og lakken
er også veldig lett å påføra. Min førebelse
favoritt no som det er vår er fargen
"Ballerina Pink", ein pastellrosa lakk.
Dei to andre heiter "Heart Beet" og "Fallen Angel".
Neglelakkpoesi? ;)







4/10/15

Frå tunika til crop top

Denne tunikaen/kjolesaken frå H&M har eg ikkje klart
å kvitta meg med, sjølv om den ikkje er særleg
flatterande på. Den har to element eg elskar,
nemleg paljettar og komboen gull/svart.

Såååå eg tenkte eg kanskje kunne sy den om?



Symaskin-ferdigheitene mine betrar seg for kvar
gong, sjølv om eg nok har litt å gå på ;)

Slik blei resultatet:
Tunikaen blei til ein litt lausare, kortare topp
med open rygg.



4/2/15

I stole these sunglasses

...from my brother. But when he puts
them in my bag and forgets all about them,
they're mine! Muhaha.
(Dress and fringe jacket - H&M).












1/25/15

Helgebakst: Grytebrød og sitronkake

Av og til får eg bakeånda over meg, og
laurdag prøvde eg meg på noko nytt.
Eg fekk ei keramisk gryte til jul, og ville derfor
prøva eltefritt grytebrød. Det er superenkelt!
Eg rørte ingrediensane samen klokka ti fredag
kveld, og laurdag rundt klokka tolv steikte eg
brødet. Eg burde kanskje latt det heva enda meir,
det blei litt kompakt, men nysteikt brød er jo digg
uansett, og har du tid er det ingenting som er enklare :)
Eg følgde denne oppskrifta.




Etterpå bakte eg sitronkake. Den er ganske
enkel å laga, er saftig på grunn av "glazen",
og har skikkeleg god sitronsmak!
Eg brukte oppskrifta til Ida Gran-Jensen bak
bloggen "Cake please".


 



Anbefaler denne altså! :)
Ha ein fin søndag <3

1/17/15

Top it off with a hat

Usikker på om eg kler hatt så godt,
men denne frå H&M synest eg var så kul at eg kjøpte den!
Fordelen med hatt er at eg ikkje blir våt i håret ;)
Skinnjakken er eg blitt veldig glad i, den kjøpte eg på
River Island i Dublin i sommar.