Showing posts with label helgemat. Show all posts
Showing posts with label helgemat. Show all posts

3/1/14

Minikyllingburger med søtpotetfries

Her er eit sunt og kalorifattig alternativ til helgekosen
- små kyllingburgerar med kesambrød og søtpotet-"fries"!
Nam :D

To små burgerar med brød, kyllingburger, tomatskiver, rødløk, salatblad og
ekstra lett rømme ligg på mellom 400 og 450 kaloriar.
Rundt fire søtpotetbåtar ligg på rundt 350 kaloriar,
så desse kan du jo evt. skippa viss du har eit veldig strengt kaloribudsjett.
Uansett veldig mykje mindre enn i vanleg pomfri! ;)



Til retten treng du ingrediensane til hamburgerbrøda (sjå ingrediensane under), éin pakke kyllingkjøttdeig, to-tre søtpoteter, salat, tomat, løk og evt andre ting du vil ha på burgeren.
Start med brøda:

Åtte små rundstykke/hamburgerbrød
110 gram Fibra fullkornskveitemjøl (Møllerens)
90 gram havregryn
1 ss bakepulver
250 gram mager kesam
30 gram lett plantemargarin

Sett omnen på 225 grader. Bruk gjerne kjøkenmaskin til å blanda deigen med,
så går det kjappare. Bland dei tørre ingrediensane. Tilsett smør og kesam, og bland
godt saman på høg hastigheit. Strø litt fullkornsmjøl utover kjøjenbenken, og kna
deigen nokre gonger før du deler den i åtte emne og lagar små bollar.
For å gjera dei ekstra lekre kan du pensla dei med litt egg og strø på
litt havregryn, før du steiker dei midt i omnen i 8-10 minutt til dei er gylne.



Når hamburgerbrøda er ferdige kan du gå over til søtpotet-"fries'ene".
Vask dei godt og skjér dei i båtar. Legg dei på eit steikebrett og
drypp litt olivenolje over før du krydrar dei godt.
Eg brukte kvitløkspulver, chilipulver, kayennepepper,
spisskummin, maldonsalt og grillkrydder, men ta det du likar.
Bak søtpotetene på 225 grader i ca 20 minutt,
eller til dei er møre når du stikk ein gaffel i dei.
Vil du ha dei litt sprø utanpå kan du prøva å setja dei høgare i omnen
og ha på grillelement nokre minutt.






Så lagar du burgerar av kyllingkjøttdeigen. Kna kjøttdeigen saman
med krydder og form små burgerar som du steiker i steikepanna.
Når dei er ferdigsteikte legg du dei på hamburgerbrøda
med ønska tilbehør på. Som dressing på burgeren
og søtpotetene brukte eg Tine ekstra lett rømme.
NAM! Velbekomme!


8/17/13

Laurdagskos: Taco-quesadillas

Har du lyst på noko digg helgemat anbefaler eg at du lagar quesadillas! Veldig enkelt og veldig godt. Retten er og perfekt viss du har restar av taco liggjande. Det hadde ikkje eg i dag, derfor viser eg korleis du lagar quesadillasen frå botn av.

Du treng:
Kjøttdeig
Tortillalefser
Tacokrydder
Ost
Rømme
Salsa
Salat



Sett steikeomnen på 200 grader. Steik kjøttdeigen og ha i tacokrydder.



Legg tortillalefser på eit steikebrett, og ha på ost.



Ha kjøttdeig på lefsene, og så meir ost oppå kjøttdeigen.




Legg lefser oppå og ha litt ost på som garnityr.



Steik quesadillasene til osten oppå er smelta.
Skjer kvar quesadillas i fire og server med rømme, salsa og salat.


Enjoy! :D