7/15/15

Badedag i Nice


Det fine med den franske rivieraen er at byane
ligg langs kysten som perler på ei snor. Det betyr
at det meste berre er ein togtur unna. Ein av dei
seks dagane vi var på tur tok vi toget til Nice,
og låg ved stranda. Det spesielle med stranda
der er at den ikkje er av sand, men runde steinar!
Sjøen i Middelhavet er så utruleg klar og turkisblå,
at det ikkje er vanskeleg å forstå namnet Côte d'Azur
- den azurblå kysten.






Langs stranda ligg det små anlegg med
solsenger og restaurantar. Det er ganske dyrt
å kjøpa seg ei seng her, opp mot eit par hundre kroner,
men då har du samtidig tilgang til toalett/omkledningsrom
og forfriskingar, og ein parasoll viss sola skulle bli for sterk.
Det var ganske digg med kelnarar
som kom og serverte oss det vi ville ha,
det var skikkeleg luksusliv. Og då vi skulle ha lunsj
var det berre til å bestilla den ved solsenga
eller setja seg bak i restauranten for ein pause frå sola.





Nokon må jobba for at andre skal kunna nyta!