4/27/14

Bergen City Marathon

Denne helga har vore heilt topp! Laurdag var vi nemleg deltakarar på Bergen City Marathon. Kjærasten imponerte stort med å gjennomføra halvmaraton på under to timar, medan eg og mamma sprang Thon Run på 5 kilometer. Ei flott oppleving! Litt slitsamt, men ikkje tyngre enn forventa. Vi sprang ganske roleg. Kjekt å bli heia fram av andre, og kjekt å få medalje etterpå! Dette løpet trur eg mange kunne vore med på, eg sjølv har jo omtrent nettopp byrja med jogging :) Dagen blei avslutta med koseleg middag ute på USF Verftet.

Oppvarming på Bryggen før halvmaraton-start


Christian i fin form undervegs i løpet 

Meg og mamma klare for start

Jippi! Ferdig! 

Nøgd gjeng med medaljar rundt halsen!