8/25/13

Heimelaga sushi

I helga prøvde vi endeleg noko vi har snakka om lenge, nemleg å laga sushi! Det var enklare enn vi trudde, men litt tidkrevjande. Risen skal nemleg skyljast mange gonger, ligga i vatn, kokast og kjølast ned. Les bakpå pakken viss du og vil prøva. Vi brukte Salma-laks til å laga maki og nigiri, berre fordi det var mest "safe". I tillegg hadde vi agurk, vårlauk, mango og avokado. Godt blei det i alle fall, kan anbefalast :) Har du laga sushi før?

Friday we tried making our own home-made sushi, and it was easy and delicious! Have you ever tried it?