7/1/13

Kontrastfulle San Francisco

San Francisco er ein heilt spesiell by. Det var den eg hadde minst forventningar til på førehand, og derfor trur eg også den overraska meg mest også. Der vi budde såg vi mange narkomane og heimlause, men berre nokre minuttar unna fann vi bra shopping og idylliske turistattraksjonar.
Eg anbefaler alle å ta ein tur med kabelvognene! Det blir litt køventing, men det er det verdt. Kjøp eit reisekort som varar i dagane du skal vera, så kan du bruka det på kabelvognene og bussane. Ta kabelvogna heilt til enden, som er Fisherman's Warf ved sjøen.  Utruleg artig å henga på sidene medan vogna suser ned og opp dei bratte gatene! Fisherman's Warf og Pir 39 er også veldig sjarmerande. "Inne" på piren er det mange skjønne restaurantar og butikkar, og frå kaien ser du øya med det berømte fengselet Alcatraz som ligg midt i sjøen. På veg tilbake kan du hoppa av kabelvogna og sjå svingete Lombard Street og Chinatown.
Å besøkja Golden Gate bridge er også obligatorisk for mange, den er majestetisk! Men hugs at den kan vera innramma i tåke, så sjekk vêrmeldinga! Vi var også i Golden Gate Park og innom vakre Japanese Tea Garden.














Svingete Lombard street
Chinatown

Clam chowder, muslingsuppe i brødbolle

Vakre Golden Gate Bridge
Twenty Five Lusk er ein trendy restaurant eg verkeleg kan anbefala. Nydeleg mat og god service i kule lokale. Infusion Lounge er ein nattklubb som og er verdt å sjekka ut.

Medan vi var i San Francisco blei Gay Pride feira med parade. Utruleg artig å
 oppleva så mange fargerike folk, det heile var som ein festival! City Hall var for høvet pynta med farga lys, stilig.