7/15/16

Lovely friday

Ferie.
Sova lenge.
Tur til Rosendal.
Lunsj på Martha Meidell restaurant.
Ferske bakarvarer frå Brødskreppa
i Omvikdalen på veg heim.
Familiesamling på naustet.
Avslutta kvelden med Mexican feast
og  margharitas hos brodern.
Herleg fredag!








Bomberjakke - Topshop, New York
Kjole - BikBok
Nike sneakers - Urban



6/30/16

Golden skyline

Elsk på dei nye kaffikoppane
mine frå H&M Home!
Er det berre meg, eller smakar kaffien
ekstra godt frå fine koppar? ;)





Bergenfest

Bergenfest har blitt ein tradisjon i vennegjengen,
og årets utgåve var fantastisk!
Fine folk, ganske bra vêr, og digg musikk.
Mine høgdepunkt var John Newman, Lars Vaular,
Rudimental, Lemaitre, Ghost og Sigurd Rós.
Highasakite var bra, men ikkje like bra som i 2014.








1/11/16

Baby, it's cold outside

Med minusgrader ute er dette herlege
Holzweiler-skjerfet eg fekk av mamma
og brørne mine til jul gull verdt!
Ein lang ull-cardigan hjelper også.





12/26/15

Same procedure

Jula kjem liksom alltid som "kasta på" meg.
Men i år følte eg det verre enn nokon gong.
Eg har konkludert med at det sikkert er
på grunn av ein litt spesiell sommar og haust,
der eg har hatt tankane mine ein heilt annan stad.
Då står tida litt stille, medan verda rasar forbi.
Det har ført til at juleførebuingane mine i år
berre har blitt sånn halvvegs, på slump, liksom.
Eg har heller ikkje hatt julestemning.
Men, HELDIGVIS, så kom den over meg
då eg kom heim til barndomsheimen vesle julaftan.
Det er min høgast skatta tradisjon.
For mamma, ho er heilt rå når det kjem
til jul. Heile heimen er pynta ned til kvar minste
detalj, og eg blir varta opp frå sekundet eg kjem
inn døra. Det er jo litt artig då, at ei 28 år
gammal kvinne "flyttar heim" til jul,
og overnattar i barndomsheimen, når ho sjølv bur
2 km unna. Men det er berre så herleg, og
det er det som er jul for meg!
Eg har hatt nokre fantastiske dagar her,
og fått feira med dei eg er mest glad i.
Eg er så heldig, og kan ikkje unngå å bli litt
sentimental.
Eit lite bildedryss følgjer.
God jul, alle <3


Som ein tradisjon lagar alltid bror min
Hellstrøm-ribbe vesle julaftan. Det er
fantastisk godt! (Som alt anna han lagar)







Ein annan tradisjon vi har er å pynta treet ilag.


Verdas finaste tre, synest no eg!

Eg og mamma har sjølvsagt like pysjamasar ;)




Herleg julefrukost <3


Morfar og onkel kom til oss på graut.
Pus ville også ha!


Julepynta middagsbord før pinnekjøt





Min julekjole i år var frå Nelly


Nokre av dei mange fine gåvene eg fekk


Some pictures of my christmas celebration at my mom's. Good food and great company. I feel blessed! Hope you all had a great celebration :)

10/11/15

Plommeterte

Eg er så heldig å ha plommetre
i hagen min. Plommer er nydelege
i seg sjølv, men også herlege
som syltetøy og i kaker og dessertar.
Har du ikkje plommer kan du gå på
slang, eller kjøpa dei i butikken.
Her kjem ei oppskrift på ei deilig
plommeterte som er enkel å laga:

Mjukt smør til pensling
Brunt sukker
10-12 plommer, avhengig
av kor stor form du bruker
100 g smelta smør
2 1/2 dl sukker
2 1/2 dl mjøl
1 ts bakepulver
1/2 ts salt
1 egg

Skyll og del plommene i to, og fjern steinen.
Du treng nok halve plommer til å
fylla botnen i ei eldfast form.
Pensla den eldfaste forma med mjukt smør,
og dryss eit lag med brunt sukker i botnen.
Legg dei halve plommene ned i forma
slik at dei dekker botnen.





Bland dei tørre ingrediensane
i det smelta smøret. Rør saman egget
og ha det i røra. Smør/trykk røra over
plommene, slik at dei er nokolunde
dekte av røra.



Steik terta i 40 minutt
på 170 grader. Server gjerne med
fløyte eller vaniljesaus! Nam.