2/17/14

Pavlova til kvelds?

Pisk Oh yes! I alle fall når dei kjem i mini-format og er sukkerfrie! EG har nettopp oppdaga bloggen til Bakekona og alle dei fantastiske lavkalori/sukkerfrie oppskriftene hennar, så i kveld måtte eg prøva mini-pavlovaen. Den er veldig god til å vera "sunn". Vil du prøva? Her er oppskrifta på fire stk:

2 eggekviter
50 g sukrinmelis
1/2 ts Maizenna
1 ts kvitvinseddik

Pisk eggekvitene stive saman med eddik og Maizenna, og pisk så inn melis. Marengs"kremen" skal vera glatt og tjukk, ikkje rennande. Ha den over i ein sprøytepose eller brødpose og sprøyt ut fire plettar på eit bakepapirkledd steikebrett. Steik på 120 grader i 40-50 minutt til dei er gylne i kantane, stive utanpå og litt seige inni. Desse er berre 9 kcal per stk!

Oppå hadde eg mager vaniljekesam og frukt og bær, du kan og bruka vaniljeyoghurt eller piska krem. Yum! :D



2/8/14

FAUX

Eg synest fuskepels kan vera minst like vakkert som ekte pels.
Ingen dyr måtte lida då denne jakka blei laga.




Kålchips a la Lo Bosworth

Kålchips? Høyres kanskje merkjeleg ut, men no etter å ha prøvd det er eg hekta!
Så enkelt, så sunt, så godt! :D Eg følge oppskrifta til Lo Bosworth på Youtube-videoen nedanfor.
Prøv det du og, då vel! Alt du treng er kål, salt og olivenolje :)

I just tried Lo Bosworth's kale chips. Delicious! You should try it too, super easy!






1/28/14

Goodbye friend

I dag reiser ei veldig god venninne av oss til København for å studera i nokre månedar. Å kor vi kjem til å sakna ho! Fredag hadde vi klubbkveld, og då fekk ho ei hadet-gåve frå oss. Kanskje ein idé til andre og? 

Bildet var enkelt å laga. Eg fekk alle venninnene til å senda eit bilde av seg sjølv, nokre fekk andre til å ta, andre brukte sjølvutløysar. Fordi bilda var i ulik kvalitet blei dei finast og mest like i svart/kvitt, så det fiksa eg i eit enkelt redigeringsprogram. Etterpå sette eg dei saman i Word før eg skreiv ut og hadde det i ei ramme. Lett for den som skal reisa å ta med seg :)
I tillegg fekk ho ei København guidebok, og ein boks med norsk snop/mat.
Eit slags "Førstehjelpsutstyr for akutt heimlengsel" ;)


1/12/14

Interior crush

Har du sett noko så vakkert?!
Eg har ein stor crush på desse borda og bretta i blankt metall designa av Philipp Mainzer,
kalla "CM05 Habibi". Berre synd dei kostar 7-8.000 kroner.
Men det er lov å drøyma seg vekk... Sukk.

I LOVE these beautiful tray tables designed by Philipp Mainzer called "CM05 Habibi".
My metallic-crush continues...




1/9/14

2014 you will rock

Denne kalenderen er gratis å lasta ned i PDF slik at du kan skriva den ut.
Eg synest den er perfekt, så enkel og chic.
Du finn den på bloggen til Jasmine.

Isn't this free, printable calender super chic? You can find it here.


Bruktkupp som gjer meg glad

I går var eg innom den nye bruktbutikken "Retro" på Husnes.
Der fann eg eit kupp, nemleg desse skjønne pastellblå mokkakoppane med fat og mjølkemugge til.
Eg betalte 200 kroner for settet, og eg merkar at eg blir lukkeleg berre av å sjå på det!

Found these mocca cups with saucers at a new local thrift shop, and I just love them!
Aren't they just the cutest?