Showing posts with label friends. Show all posts
Showing posts with label friends. Show all posts

1/28/14

Goodbye friend

I dag reiser ei veldig god venninne av oss til København for å studera i nokre månedar. Å kor vi kjem til å sakna ho! Fredag hadde vi klubbkveld, og då fekk ho ei hadet-gåve frå oss. Kanskje ein idé til andre og? 

Bildet var enkelt å laga. Eg fekk alle venninnene til å senda eit bilde av seg sjølv, nokre fekk andre til å ta, andre brukte sjølvutløysar. Fordi bilda var i ulik kvalitet blei dei finast og mest like i svart/kvitt, så det fiksa eg i eit enkelt redigeringsprogram. Etterpå sette eg dei saman i Word før eg skreiv ut og hadde det i ei ramme. Lett for den som skal reisa å ta med seg :)
I tillegg fekk ho ei København guidebok, og ein boks med norsk snop/mat.
Eit slags "Førstehjelpsutstyr for akutt heimlengsel" ;)


1/1/14

Happy New Year!

Fin kjole. Høge hælar. Bølger i håret. Familie. Gode vener. Flott selskap. Mange til bords.
Nydeleg mat. Pakkeleik. Fest. Rakettar. Kjærasten.
GODT NYTTÅR!
Håpar du hadde ei like flott feiring som meg! Eg gler meg til 2014 :)

Happy New Year you beautiful people!



Nyttårsmanikyr!


Hadde på meg kjole frå H&M

Meg og bror


Meg og fine Hege <3

Meg og bror <3

Meg og mannen <3