Showing posts with label fest. Show all posts
Showing posts with label fest. Show all posts

5/4/14

Konfirmasjon

Gårsdagen blei ein fantastisk dag for konfirmanten sjølv, veslebror Brede,
og heile familien og venene rundt han.
Dette innlegget er mitt bidrag i maiutfordringa til Norske Interiørblogger,
kalla "Festlige tider"

Tema for konfirmasjonsfesten var a la Casino Royale (James Bond-filmen).
Vi hadde svarte dukar og raude løparar på borda, og bordkorta var
spelekort med bilde av gjestene på. Rundt omkring låg sjetongar og kort
som pynt, og i tillegg hadde vi speil med raude lys og kvite roser på
som ulike oppsatsar/midtpunkt på borda. Koldtbordet laga vi sjølve
i tillegg til at vener av familien bidrog med nokre rettar. Mykje god mat!
Ved inngangsdøra hadde vi lagt raud løpar og pynta med ballongar
i svart, raudt og kvitt. Vi hang også ein girlander av ballongar i stova.

Takk til alle gjestene og andre som var med på å gjera denne dagen
så flott og minnerik for både oss og konfirmanten!












1/1/14

Happy New Year!

Fin kjole. Høge hælar. Bølger i håret. Familie. Gode vener. Flott selskap. Mange til bords.
Nydeleg mat. Pakkeleik. Fest. Rakettar. Kjærasten.
GODT NYTTÅR!
Håpar du hadde ei like flott feiring som meg! Eg gler meg til 2014 :)

Happy New Year you beautiful people!



Nyttårsmanikyr!


Hadde på meg kjole frå H&M

Meg og bror


Meg og fine Hege <3

Meg og bror <3

Meg og mannen <3

Three outfits, three different nights

Denne julehøgtida har gått så fort! Heldigvis har eg kost meg mykje med familien og gode vener. 

Her er dei tre antrekka eg har hatt på meg i jula.
Den raude peplumkjolen er frå Gina Tricot, og den hadde eg på julaftan. 
Den blå med open rygg er frå Nelly og fekk vera med ut første juledag. Dessverre har eg ikkje noko godt bilde av det lange gullskjørtet og toppen på, men det hadde eg på meg på Festidalen sin julefest og begge er frå Gina Tricot.
Kva var ditt favoritt?

Three outfits, three nights. What is your favourite? :) Hope you had a great Christmas holiday!