Showing posts with label cooking. Show all posts
Showing posts with label cooking. Show all posts

1/25/15

Helgebakst: Grytebrød og sitronkake

Av og til får eg bakeånda over meg, og
laurdag prøvde eg meg på noko nytt.
Eg fekk ei keramisk gryte til jul, og ville derfor
prøva eltefritt grytebrød. Det er superenkelt!
Eg rørte ingrediensane samen klokka ti fredag
kveld, og laurdag rundt klokka tolv steikte eg
brødet. Eg burde kanskje latt det heva enda meir,
det blei litt kompakt, men nysteikt brød er jo digg
uansett, og har du tid er det ingenting som er enklare :)
Eg følgde denne oppskrifta.




Etterpå bakte eg sitronkake. Den er ganske
enkel å laga, er saftig på grunn av "glazen",
og har skikkeleg god sitronsmak!
Eg brukte oppskrifta til Ida Gran-Jensen bak
bloggen "Cake please".


 



Anbefaler denne altså! :)
Ha ein fin søndag <3

5/13/14

Kalorifattige favorittar Del 2: Middag

For ei stund sidan laga eg eit innlegg om
kalorifattige alternativ til frukost, lunsj, kvelds og mellommåltid.
Eg lova å laga eit innlegg om kalorifattige middagar også,
så her kjem dei :) Håpar det smakar!


(Til 4 personar)
TOTALT: 292 kcal per porsjon (436 g)





(Til 4 personar)
TOTALT: 364 kcal per porsjon (440 g)




Chili con Carne
(Til 4 personar)
400 g karbonadedeig
1 ss olivenolje
2 løk
2 raude paprika
1 boks tomater, hermetisk
2 dl mais, hermetisk (1 boks)
300 g kidneybønner
2 dl ferdiglaga buljong
1 laurbærblad
15 g chilipulver
1 fedd kvitløk
15 g salt og pepper

Brun kjøttdeigen og mos den slik at den blir kornete. Legg kjøtet i ei gryte.
Kutt løk, kvitløk og paprika i bitar og fres det i olja utan at det blir
brunt. Ha det over i gryta og tilsett tomat på boks, bønner og mais, buljong og
krydder. La gryta småkoke lenge, i minst ein halvtime, helst to timar. Ta ut
laurbærbladet før servering.
TOTALT: 263 kcal per porsjon (449 g)





Asiatisk laksegryte
(Til 4 personar)
500 g laksefilet
3 dl kokosmjølk, lett
2 ts raud currypasta
4 dl fiskebuljong (kraft)
2 ts Fish sauce
1 stk limeblad
1 stk sitrongras
1 bunt Pak choi (kåltype)
eller kinakål
1 stk aubergine (stor)
100 g aspargesbønner
1 g salt
2 blad basilikum, fersk
1 ts matolje

Kok ris som tilbehør. Surr karripastaen med litt olje i ein stor kjele.
Bank sitrongraset og skjér auberginen i bitar. Ha sitrongras, limeblad og
aubergine i gryta saman med kokosmjølk, fiskebuljongen og fiskesausen.
Kok opp, reduser varmen og la suppa koka i 10 minutt.
Skjér kålen i bitar, del aspargesbønnene og ha alt i kjelen.
Kok i ca 5 minutt. Smak til med salt.
Skjér laksefileten i terningar og ha i kjelen. La dei trekkja i 2-3 minutt.
Strø over basilikum eller koriander og server med kokt ris.
TOTALT: 445 kcal per porsjon (462 g)




(Til 4 personar)
TOTALT: 317 kcal per porsjon (559 g)


2/8/14

Kålchips a la Lo Bosworth

Kålchips? Høyres kanskje merkjeleg ut, men no etter å ha prøvd det er eg hekta!
Så enkelt, så sunt, så godt! :D Eg følge oppskrifta til Lo Bosworth på Youtube-videoen nedanfor.
Prøv det du og, då vel! Alt du treng er kål, salt og olivenolje :)

I just tried Lo Bosworth's kale chips. Delicious! You should try it too, super easy!






11/24/13

Helgefrukost: Grove og sunne pannekaker

Stikk innom for å dela ei oppskrift med dykk! Desse pannekakene er veldig gode og mettande, og så er det berre 312 kaloriar per porsjon (ca tre pannekaker) utan tilbehør. Eg plar å ha litt syltetøy og vaniljekesam til :) Dei fungerer sjølvsagt like godt til alle måltid, ikkje berre som frukost.
Her er oppskrifta:
1,5 dl kveitemjøl
1,5 dl sammalt kveite
3 egg
5 dl ekstra lett mjølk
1 ts salt
1 ss matolje i røra
1 ss matolje til steiking

La røra svelle i ca. 30 min før du steiker pannekakene gylne.
Vel bekomme!




10/31/13

Graskarkake og rista graskarfrø

Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg har eg i år gjort nytte av innmaten i graskaret
etter at eg laga graskar-lykt. 

Etter å ha skrapa ut så mykje som mogleg av graskaret separerte eg frøa for seg.
Kjøt og "trådar" kokte eg møre i nokre minuttar,
før eg laga det om til graskarpuré ved å mosa det i foodprocessoren.


Eg fann ei engelsk oppskrift på "Honey Pumpkin Cake", og omsette den omtrentleg til norsk. Kaka smakte krydderkake med eit hint av graskar, og var veldig saftig. Her er linken til den engelske oppskrifta, og her er mine noko rare mål:

4,73 dl mjøl
2 ts bakepulver
2 ts kanel
1/4 ts salt
3 dl honning
2,365 dl smør
4, 73 dl graskarpuré
1 ts vaniljeekstrakt
4 egg

Forvarm ovnen til 175 grader. Bland honning, smør og graskarpure. Ha i det tørre, og bland til slutt inn eitt og eitt egg. Ha røra i ei smurd form, eg brukte rundt. Steik i rundt 30-35 min på 175 grader. Test om kaka er ferdig ved å stikka i den med ein tannpirkar eller ein trepinne, den skal vera tørr når du tar den ut igjen. Det er nok godt med glasur på kaka, men eg synest den var god utan og.
Den er best nysteikt :)




Graskarfrøa skylte eg godt i vatn, tørka dei med tørkepapir, og vendte dei i litt olje. Så spreidde eg dei utover eit steikebrett, krydra dei godt, og steikte dei på 135 grader i rundt ein time til dei var sprø og gylne. Eg rørte også litt i dei undervegs for å få dei jamt steikte.
Nam, kjempegod og sunn snacks! :D