Showing posts with label hiking. Show all posts
Showing posts with label hiking. Show all posts

10/11/13

Vakre Hardangervidda ♥

No sit eg i godstolen framfor tv-en, nydusja og i pysjen. Eg og kjærasten er tilbake frå tre herlege dagar på tur! Tenkte å dela nokre bilde frå turen, og kort fortelja kva vi gjorde :)

Onsdag køyrte vi frå Husnes rundt klokka 08, gjennom Odda, Ullensvang og så vidare til Eidfjord. Frå Øvre Eidfjord kan du køyra opp til Hardangervidda, og planen vår var å gå frå Tinnhølen denne dagen. Men dessverre var vêret dårleg, skodda låg ganske tjukk, derfor valde vi å heller ta inn på ei hytte på Garen, eitt av hyttetuna i nærleiken. Resten av ettermiddagen gjekk vi tur, handla verdas beste skillingsbollar på nærbutikken og såg tv. Dagen etter (torsdag) stod vi opp tidleg, åt frukost og vaska ut av hytta. Sola strålte, og vi kunne starta turen frå Tinnhølen etter å ha køyrt eit godt stykke inn på grusvegen til hytta Trondsbu. Det hadde lagt seg eit tynt lag med snø, og det bles sur vind, men landskapet var fantastisk. Vi fann greitt fram til målet, som var hytta Sandhaug, men einskilde steinar med raud T på var dekt av snø. Heldigvis er kjærasten god med kart og kompass! Eg er ikkje vand med å gå med oppakning, så mot slutten syntest eg det var tungt. Då var det ekstra godt å koma fram til hytta etter rundt fire timar! Vi fyrte godt, laga oss mat og kosa oss utover kvelden. Det (nesten) kjekkaste med heile dette opphaldet, var då det blei mørkt utandørs og vi fann ut at kameraet mitt klarar å ta bilde av stjernehimmelen! Midt på vidda, utan noko form for lysstøy, var stjernehimmelen verkeleg spektakulær, og sjølv om det ikkje kan måla seg med verkelegheita, er det artig å fanga eit slags inntrykk av korleis det var! I dag (fredag) stod vi også opp i halv åtte-tida, og fekk med oss den vakre soloppgangen. Frukosten var digg - pannekaker og bacon, og så pakka vi oss ut og starta på turen tilbake. Veret var mykje betre i dag, sola skein og det var omtrent vindstille, så det blei ein nydeleg tur. Men på slutten var vi utruleg stive i kroppen og hadde gnagsår og blemmer her og der, så siste etappen verka ekstra lang. Det var godt å få setja seg i bilen og køyra heim!
Denne turen, frå Tinnhølen til Sandhaug, vil eg seia passar for dei aller fleste, fordi terrenget er såpass flatt. Eg er langt frå noko "fjellgeit", og eg synest det var heilt topp!

Og her, nokre bilde frå den fine turen vår:




Above you see some pictures from our great hiking trip on Hardangervidda! Hope you like them :) Norway is beautiful, or what? Please ask if you have any questions!

9/8/13

Vakre Bondhusbreen

I dag har eg og min kjære vore på ein fantastisk tur. Vi køyrde inn til Sundal der vi parkerte bilen, og gjekk opp til Bondhusvatnet. Derfrå gjekk vi mot Bondhusbreen, ein arm av Folgefonna som kjem ned i Bondhusdalen. Brearmen har trekt seg mykje tilbake dei siste åra, og det er eit godt stykke opp til isen. Men då vi kom bort til den bratte fjellsida fekk eg så veldig lyst til å koma så tett opp til den magiske blå isensom mogleg, og fekk lokka mannen med. Det blei mykje tung klatring, men endeleg kom vi opp og over ein knaus. Synet av breen var heilt nydeleg, det same var utsikta ned mot dalen. Vi sat der ei lita stund, tok mange bilde, og så klatra vi ned igjen. Men det tok si tid. Det var stupbratt, og faktisk litt skummelt einskilde parti. Men det var verdt det! Deler nokre bilder frå turen her.

Today me and my boyfriend took a beautiful hike through Bondhusdalen and up to the glacier "arm" of Folgefonna that comes down this valley - Bondhusbreen. Sooo beautiful! If you are ever in Norway you should visit Kvinnherad and this place :)