Showing posts with label festival. Show all posts
Showing posts with label festival. Show all posts

6/30/16

Bergenfest

Bergenfest har blitt ein tradisjon i vennegjengen,
og årets utgåve var fantastisk!
Fine folk, ganske bra vêr, og digg musikk.
Mine høgdepunkt var John Newman, Lars Vaular,
Rudimental, Lemaitre, Ghost og Sigurd Rós.
Highasakite var bra, men ikkje like bra som i 2014.








8/2/15

Festidalen 2015

Festidalen.
Ein bygdefestival i Kvinnherad,
i dei flottaste omgivnadane
du kan tenkja deg,
mellom fjord og fjell i Uskedalen.
Kvart år drar store artistar hit
for å spela konsertar,
i år stod blant andre Jaa9 & OnklP,
Veronica Maggio, Team Me, deLillos,
Emilie Nicolas og Skambankt på scena.
For ei fantastisk oppleving.
Eg er stolt av å vera kvinnhering.

#Festidalen2015 in my <3









One happy Festidalen-deltakar! ;)

6/16/15

Bergenfest snapshots

#selfie på #selfie på #selfie.
Årets Bergenfest var amazing,
med Kygo, Team Me, Susanne Sundfør
og Röyksopp som mine favorittkonsertar.
Synd det var så beinkaldt og surt,
legg merke til at eg på eit tidspunkt
gjekk over til raudvin og tok på meg
 vottar fordi det var så kaldt å drikka øl!
Vi budde i ei fantastisk leilegheit som
vi leigde gjennom AirBNB,
verdt å testa ut om du ikkje har prøvd det!
Mykje billegare enn hotell, og meir
personleg. Kjem definitivt til å bruka
denne nettsida igjen.

Strøken leilegheit i Fosswinckelsgate, sjekk den ut her.



Bursdagsbarnet som blei 30 på fredag, woop woop!

Sushi på Nama med eel maki - NAM!






Kygo





Röyksopp

6/20/14

Bergenfest ♡


Førre helg hadde eg ei fantastisk helg i Bergen med verdas beste jentegjeng!
Laurdag var vi på Bergenfest, der vi såg Highasakite, Lars Vaular og Lana Del Ray.
Nydeleg vêr og knall stemning, blir ikkje betre enn det! Elskar festivalar :D
Her er nokre snapshots frå helga. Ser det ikkje herleg ut? ;)
Var du på Bergenfest i år?


Highasakite




Verdas flottaste jenter ♥






 Lars Vaular

☝ ☺