Showing posts with label christmas decor. Show all posts
Showing posts with label christmas decor. Show all posts

12/26/15

Same procedure

Jula kjem liksom alltid som "kasta på" meg.
Men i år følte eg det verre enn nokon gong.
Eg har konkludert med at det sikkert er
på grunn av ein litt spesiell sommar og haust,
der eg har hatt tankane mine ein heilt annan stad.
Då står tida litt stille, medan verda rasar forbi.
Det har ført til at juleførebuingane mine i år
berre har blitt sånn halvvegs, på slump, liksom.
Eg har heller ikkje hatt julestemning.
Men, HELDIGVIS, så kom den over meg
då eg kom heim til barndomsheimen vesle julaftan.
Det er min høgast skatta tradisjon.
For mamma, ho er heilt rå når det kjem
til jul. Heile heimen er pynta ned til kvar minste
detalj, og eg blir varta opp frå sekundet eg kjem
inn døra. Det er jo litt artig då, at ei 28 år
gammal kvinne "flyttar heim" til jul,
og overnattar i barndomsheimen, når ho sjølv bur
2 km unna. Men det er berre så herleg, og
det er det som er jul for meg!
Eg har hatt nokre fantastiske dagar her,
og fått feira med dei eg er mest glad i.
Eg er så heldig, og kan ikkje unngå å bli litt
sentimental.
Eit lite bildedryss følgjer.
God jul, alle <3


Som ein tradisjon lagar alltid bror min
Hellstrøm-ribbe vesle julaftan. Det er
fantastisk godt! (Som alt anna han lagar)







Ein annan tradisjon vi har er å pynta treet ilag.


Verdas finaste tre, synest no eg!

Eg og mamma har sjølvsagt like pysjamasar ;)




Herleg julefrukost <3


Morfar og onkel kom til oss på graut.
Pus ville også ha!


Julepynta middagsbord før pinnekjøt





Min julekjole i år var frå Nelly


Nokre av dei mange fine gåvene eg fekk


Some pictures of my christmas celebration at my mom's. Good food and great company. I feel blessed! Hope you all had a great celebration :)

12/6/14

Julepynta heim

Å, kor eg elskar jula!
Vi flytta inn i det nye huset vårt i oktober,
så dette er første gongen eg får pynta til jul her.
Det synest eg er skikkeleg stas.

Eg bestemte meg for raud
og litt tradisjonell julepynt i år, og eg fekk eit gyldent
høve til starta pyntinga til 1. desember,
fordi eg skulle ha julebord heime hos meg.

Eg har lenge tenkt på å bruka striestoff som duk
eller løpar, for å få ein litt grovare og rustikk utsjånad.
Med julestjerner og tujagreiner fekk eg pynta med
planter, og med det slenger eg meg på
NIB si desemberutfordring:
"Innreiing med planter"
(sjå fleire bidrag via
linken).

Slik blei resultatet:


  

Av tujagreiner laga eg også denne kransen til ytterdøra!
Tujagreinene held seg grøne lenge, og fungerer
derfor bra som pynt ute og inne.



Må også visa dykk "juletreet" mitt - ei lita fure eg
fann og saga ned nær barndomsheimen min! Eg har så mykje
vakker, antikk julepynt som eg vil visa fram,
og sidan eg ikkje har kunstig tre og ikkje skal feira
julaftan i eige hus blei dette løysinga.