Showing posts with label beach. Show all posts
Showing posts with label beach. Show all posts

8/14/14

Coney Island

Noko av det eg likar best med New York
er at det er så ikonisk. Eg har sett det på film og tv
og reiser du til byen får du endeleg sjå det "in real life".
Coney Island er ein slik ikonisk plass. Det er ei halvøy
og ein ferieplass i den sørlege delen av Brooklyn og
Queens, med sandstrand, promenade, restaurantar og
tivoli. Vi var der siste dagen vår, og angra ikkje!
Eg hadde lest at det var svært turistifisert, overfylt
med folk, skitent og forsøpla. Derfor slo eg frå
 meg å liggja på stranda og bada der, men det
angrar eg på! Det var mykje betre enn forventa,
og eg vil anbefala deg som skal dit om sommaren
å ta med badetøy og vera der ein heil dag.
Fredagar er det fyrverkeri der klokka 21.30 om kvelden
i sesongen. Det skulle eg ønskja vi også hadde fått
med oss! Det er enkelt å koma seg til Coney Island,
du tar berre D, Q, N eller F-toget
til Stillwell Avenue.












3/13/14

#fintliv

Den hashtaggen kan eg bruka til omtrent alt eg tar bilde av nett no :) Vi nyt late dagar på Anfi del Mar, Gran Canaria, og har det heilt herleg. Deler nokre bilde under.

Overskya dagar i starten blei brukt til turar og jogging:



Men så kom sola heldigvis!





7/20/13

Miami ♥

Dei siste dagane våre i USA fekk vi i Miami. Ein herleg by som eg skulle ønskja vi kunne vore lengre i! Hotellet vårt der var vel det flottaste av alle vi har budd på: Mondrian South Beach. Det kan eg varmt anbefala, og sjansen er stor for at du får sjå kjendisar. Den norske musikkvideoregissøren Ray Kay budde der samtidig som oss, og tidlegare gjester er til dømes Naomi Campbell, Jade Jagger, Ed Westwick og Audrina Patridge. Bassengområdet er nydeleg og har utsikt mot sjøen og skylinen der, og interiøret på romma og i lobbyen er knallstilig.

Vi likte spesielt godt stranda og Ocean Drive som ligg ovanfor. Her ligg gamle, pastellfarga hotell og uterestaurantar på rekkje og rad. Kjøper du Margarita får du den i eit gigantisk glas, og det er herleg å sitja å sjå på alle dei spennande folka som går forbi. Utelivet i Miami skal vera veldig bra, men vi rakk berre å testa ut LIV. Der kjøpte vi bord med "bottle service". Det var dyrt, men for oss var det veldig greit å ha sitjeplassar, og så er jo drikke og cover charge inkludert.
Lincoln Road er også verdt å sjekka ut. Gata er som eit slags utandørs kjøpesenter med butikkar og koselege restaurantar.
















7/18/13

Roadtrip to Los Angeles

BEKLAGAR dårleg blogging i det siste! Det byrja bra medan eg var i USA, men så dabba det av. Vi har opplevd så mykje og eg har fått så mange inntrykk at det har vore litt vanskeleg å sortera dei til blogginnlegg. Men no er eg heime igjen og har fått lagt inn bilda, så her kjem fleire USA-innlegg.

Eg held fram der eg slapp, nemleg neste by etter San Francisco - Los Angeles. Vi leigde oss to Mustangar og køyrte ned til LA på to dagar langs Highway one, og det kan verkeleg anbefalast! Å køyra langs kysten på denne måten var berre heilt herleg, med vind i håret og så mykje fint å sjå på. Landskapet var nydeleg! På kvelden første dagen tok vi inn på eit hotell som heitte Best Western Shore Cliff Lodge på Pismo Beach, det var eit supert alternativ. Fine rom og perfekt beliggenheit ved sjøen.
Dagen etter kom vi fram til LA. Dessverre var dette ein av byane vi fekk minst ut av, fordi den er så enorm. Vi var i Universal Studios sin fornøyelsespark, men det var ikkje det heilt store for oss. Alt for mykje køtid i fht kor kjekke karusellane/opplevingane var. Vi var også i Hollywood, men også der blei eg skuffa. Det berømte skiltet låg alt for langt unna til at vi kunne sjå det frå gata, og stjernene i bakken var så mange at vi ikkje fann dei mest kjente namna. Bummer! Det einaste eg verkeleg likte med LA var å liggja på Santa Monica Beach, ved den store piren. Er du fan av Forrest Gump-filmen bør du eta på restauranten "Bubba Gump Shrimp Company" som ligg der, artig konsept!
Her kjem eit bildedryss frå roadtrip'en og LA:













Bree Van De Kamp sitt hus i Wisteria Lane

Susan sitt hus

Flykrasj-kulissar brukt i War of the Worlds med Tom Cruise