Eg anbefaler alle å ta ein tur med kabelvognene! Det blir litt køventing, men det er det verdt. Kjøp eit reisekort som varar i dagane du skal vera, så kan du bruka det på kabelvognene og bussane. Ta kabelvogna heilt til enden, som er Fisherman's Warf ved sjøen. Utruleg artig å henga på sidene medan vogna suser ned og opp dei bratte gatene! Fisherman's Warf og Pir 39 er også veldig sjarmerande. "Inne" på piren er det mange skjønne restaurantar og butikkar, og frå kaien ser du øya med det berømte fengselet Alcatraz som ligg midt i sjøen. På veg tilbake kan du hoppa av kabelvogna og sjå svingete Lombard Street og Chinatown.
Å besøkja Golden Gate bridge er også obligatorisk for mange, den er majestetisk! Men hugs at den kan vera innramma i tåke, så sjekk vêrmeldinga! Vi var også i Golden Gate Park og innom vakre Japanese Tea Garden.

Svingete Lombard street
Chinatown
Clam chowder, muslingsuppe i brødbolle
Vakre Golden Gate Bridge
No comments:
Post a Comment