4/12/13

DIY: Studded shoulders

Her er eit enkelt DIY-prosjekt eg har tenkt på lenge, og som eg endeleg fekk gjennomført. Alt du treng er ei skjorte/bluse/t-skjorte/genser du vil skal få ein rocka makeover, naglar (eg bestilte mine på Ebay), og noko til å laga hol til naglane med - eg brukte ein trådsprettar. Naglane eg hadde er veldig enkle å bruka, du skrur berre dei to delane saman med stoffet imellom, så mange som du ønskjer for å få den rette "looken". Eg synest det blei tøft!

Here is an easy DIY-project I've been wanting to do for a while. It is super easy, all you need is a shirt, studs/spikes (I bought mine from Ebay), and something to make holes with. Cool, huh? :)




4/5/13

Rose et rayures

= "rosa og striper" på norsk. Den fargen saman med det mønsteret gir meg franske assosiasjonar, derfor fransk tittel på innlegget ;) I dag kjøpte eg meg ny parfyme, Shiseido sin nye sommarduft. Heilt himmelsk! Lipglossen frå Clarins fekk eg til bursdagen, den heiter "Instant light - natural lip perfector" og er skikkeleg mjuk på leppene. Den stripete chiffongblusen er frå Cubus.
GOD HELG!

..means "pink and stripes". That color with that pattern just reminds me of something french, hence the french title ;) I bought myself a new perfume today, Shiseido "Sun". Love it! I also love the lipgloss "Instant light - natural lip perfector" from Clarins. Happy weekend, cuties!



4/2/13

Too cute to be true?

Dette dekselet berre MÅTTE eg ha! Haha, det er heilt ridiculous og upraktisk, eg veit, men eg blir berre glad av å sjå på det! Cuteness overload :D Bestilte det frå Ebay for ein slikk og ingenting.

I just HAD TO HAVE this phone case! Super ridiculous and unpractical, but sooo cute! :D



3/27/13

Påskepynta heim og bursdagsfeiring

Ahhh....endeleg påskeferie! :D
No har eg pynta leilegheita litt og fått skikkeleg vårstemning! Eg kjenner eg er litt misunneleg på dei som er på hyttetur, men med dette veret vi har trur eg jaggu vi skal kosa oss heime og. Vi får heller ta oss dagsturar til fjells og vera mykje ute i staden!

Easter holidays, yay! Now I have decorated the apartment and celebrated my birthday, and I'm ready to chillax with my boyfriend and the family the rest of the week. Sweet life!



Tysdag hadde eg bursdag, og eg hadde ei flott feiring. Eg fekk mange flotte gåver og blei gjort stas på av kjærast, vener, familie og kollegar. Eg bakte to kaker, begge for første gong, og blei superstolt over at eg fekk dei til, hehe! Sjokoladekaka var det spesielt mange som likte, og oppskrifta finn du her.
Eg følgde denne oppskrifta for Pavlova'en.


3/22/13

Digg helgefrukost: Egg&Bacon med ein vri

Dette er ein veldig enkel og digg måte å gjera helgefrukosten litt meir spennande på! Eg brukte små, eldfaste former, men du kan også bruke store muffinsformer.
Slik gjer du:
Start med å kle formene med rå baconstrimler. Lag så eggerøre, berekn minst eitt egg per person. Pisk egg saman med litt melk eller vatn, ha i vårlauk eller graslauk og krydder. Steik i panna. Bland også i små bitar av ost om du vil, eg brukte blant anna Brie. Fyll eggerøre i formene, og steik på 200 grader i steikeomn, lenge nok til at baconet er gjennomsteikt. Ta innhaldet forsiktig ut av formene og legg på eit fat når du skal servera (det ser veldig lekkert ut då, synd eg gløymte å ta bilde av det). Enjoy! :D



Beyoncé for H&M!


Beyoncé er nytt ansikt utad for H&M sin sommarkolleksjon! Kleskjeda har fått mange store namn med på laget, men dette meiner eg heilt klart må vera den største kjendisen som har fronta dei! Kampanjen blei spelt inn på Bahamas tidlegare i år, og bilda er teke av den kjente motefotografen Inez van Lamsweerde.
Eg synest Beyoncé ser heilt smashing ut på dette første bildet som er sleppt og gler meg til å sjå resten av bilda og resten av kolleksjonen! Den blir sleppt i butikkar og på nett i mai. Kva synest du?

H&M has announced that their new face for the summer campaign is superstar Beyoncé! I love this first photo of her, and can't wait for the rest of it! The collection will be aavailable in May. What do you think?

3/15/13

The little extra

Gullglitter ytst på neglene gir det vesle ekstra, synest eg. God helg til deg! :D

A little gold glitter gives the little extra, don't you agree? Hope you all have a great weekend!