3/11/13

Skilt av rekved

I dag tenkte eg å visa dykk ein gjer-det-sjølv-idé. På ein tur ved vatnet fann eg ein fin planke vaska av vêr og vind. Eg er glad i kontrastar, og bestemte meg for å spraya gullbokstavar på planken. Eg synest det fungerte fint med det metalliske mot den grove strukturen i treet :)

Today I wanted to show you a DIY-idea with driftwood! I transformed this plank into a sign by spray painting a word onto it. I used a baking sheet as a stencil to avoid getting paint all over the wood. I really like the result, do you? :)











3/9/13

Dei kulaste kjøleskapsmagnetane!

I dag fekk eg noko knallstilig i posten, nemleg heilt unike kjøleskapsmagnetar! Eg har nemleg funne ei kul nettside kalla StickyGram, som på bestiling lagar eit utval av Instagram-bildene dine om til magnetar. Det kostar 14.99 dollar (ca 85 kroner) for eit "brett" med ni bildemagnetar, og dei sender gratis over heile verda. Eg bestilte to brett og er strålande nøgd med kvaliteten, i tillegg låg dei i postkassa etter eit par dagar! Eg kjem nok til å bestilla fleire, dette er jo ei perfekt gåve til andre :D

Viss du vil testa ut StickyGram kan du få 2 dollar i avslag på bestillinga ved å bruka denne koden: FRIENDKBGX
(PS: Dette innlegget er ikkje sponsa ;)

Look what I got in the mail today! The coolest magnets made out of some of my Instagram-photos! I ordered them through StickyGram, where you get a sheet of nine magnets for only 14.99 dollars. They ship quickly, and free all over the world! If you want to try it you can get a 2 $ discount if you use this code FRIENDKBGX




3/7/13

3/5/13

Spring goodies for my feet

Desse er på veg i posten til meg frå Nelly.com - ELSK! 
Gler meg sånn til det blir mildare og tørrare ute slik at eg kan gå med dei! Perfekt til både jeans og kjolar :) You like?

These beauties are on their way in the mail from Nelly.com. Love them, can't wait for spring to come!




2/21/13

Sunne og gode lavkarbo-briks

I går laga eg lavkarbo-briks, nam! Dei er kjempegode, sunne og mettande, og er veldig enkle å laga. Dei er eigentleg berre samansett av ulike typar frø og har egg som bittemiddel, og sjølv om dei minnar om knekkebrød på utsjånad er dei ikkje sprø, men mjukare og litt meir "gummiaktige". Deler oppskrifta under, eg plar å dobla den når eg først er i gang med bakinga.
PS: Desse bør frysast viss ikkje du skal eta dei innan eit par dagar!

Du treng:
5 egg
2,5 dl solsikkefrø
2,5 dl sesamfrø
2,5 dl linfrø
2, 5 dl hakka valnøtter
1 ts salt



Bland alle ingrediensane saman i ein bolle, og fordel massen utover ei bakepapir-kledd langpanne slik at overflata blir jamn. (Laget bør ikkje vera for tjukt). Steik midt i omnen på 190 C i rundt 10 minutt.
Avkjøl før du skjer opp i passande stykke med eit pizzahjul.

Håpar det smakar! :D

2/19/13

Neon+bling

I helga fann eg denne herlege neonfarga genseren på sal på Jack and Jill, så den fekk vera med heim. Kjekt å variera garderoben litt, no i vinter har det gått mykje i svart. Smykket med steinar og naglar fann eg på Cubus. A girl can never have enough bling! :D Veit ikkje om du kan sjå det på meg, men eg har blitt forkjøla og kjenner meg elendig. Usj. Håpar det slepp taket snart!

I found this fun neon colored sweater on sale this weekend and had to have it! I'm so tired of black and greys in my wardrobe. I also picked up this "bling" necklace. You like?






2/8/13

Gifts for Mother's Day



Søndag er det morsdag, dagen vi skal gjera ære på dei viktigaste kvinnene i liva våre! Eg er glad i å gi bort gåver, og dei finaste er dei som er heimelaga, synest eg. Dei du har lagt tid og kjærleik i, uavhengig av kor "perfekt" resultatet er ;) På nettet florerer det med gode idear, og her deler eg nokre som verken er dyre eller for avanserte. Lukke til!

Sunday is mother's day here in Norway, the day we honor the most important women in our lives! I love giving gifts, and the best ones are those I have made myself. There are many great ideas online, and here I share some things that are neither expensive or too difficult to make. Good luck!

 
Søte bokmerker som er enkle å laga

 Kle vanlege kubbelys med kanelstenger. Dekorativt og herleg duft!

 Morosamt vinglas! ;) Teikn på med ein keramikk-tusj du får kjøpt i hobbybutikkar,
og steik i omnen for å herda.


"Vinpose" av armen på ein gammal genser

Koselege brikker i filt til koppar eller glas
Ei flott ramme med papirlommer i ulik storleik
- voila, ein lekker "organisator"!