4/28/14
4/27/14
Bergen City Marathon
Denne helga har vore heilt topp! Laurdag var vi nemleg deltakarar på Bergen City Marathon. Kjærasten imponerte stort med å gjennomføra halvmaraton på under to timar, medan eg og mamma sprang Thon Run på 5 kilometer. Ei flott oppleving! Litt slitsamt, men ikkje tyngre enn forventa. Vi sprang ganske roleg. Kjekt å bli heia fram av andre, og kjekt å få medalje etterpå! Dette løpet trur eg mange kunne vore med på, eg sjølv har jo omtrent nettopp byrja med jogging :) Dagen blei avslutta med koseleg middag ute på USF Verftet.
4/16/14
God påske!
Påskeferie! Ei herleg tid. Eg har planar om å få inn mest mogleg kos saman ned familie og vener :) Håpar du også får ein fantastisk påske der du er!
4/6/14
Søndagar
Søndagar kan i grunn vera ganske fine!
Dagen starta med god frukost før joggetur med kjærasten i duskregn.
No drikk vi heimelaga cappucino, eg med Mac'en på fanget,
han ser Flandern rundt. Snart er det tid for deilig lammelår hos mamma :)
Håpar din søndag også er fin!

Subscribe to:
Posts (Atom)